Læraren som vil ha meir leik og «tough love» i klasserommet

Sebastian Santos-Stokke er no ferdig utdanna frå HVL og heidras som førebilete. Fyrsteårsstudentar ved høgskulen vil både vere ein tryggleik og «kjendislærarar».

KONTAKTLÆRAR: Santos-Stokke er no lærar i skulen – han fann yrket han verkeleg brenner for.
Publisert Sist oppdatert

– Eg hadde lyst til å jobbe med barn og ha eit yrke der eg kunne gjere ein forskjell, seier Sebastian Santos-Stokke. 

På Høgskulen på Vestlandet (HVL) vert Santos-Stokke heidra som eit godt førebilete for å få fleire menn inn i læraryrke. Som ferdig utdanna, jobbar han no på Fridalen skule som kontaktlærar.

UTANLANDS: Læraren fortel at han tok delar av graden sin i Tanzania.

På skulebenken som vaksen

Motivasjonen for å verte lærar vaks fram i hans eigen tid på skulebenken.

– For det meste har eg hatt gode lærarar og ville vere som dei. Det er det eg brenner for, seier læraren.

Sjølv om han treivst på HVL er det eit par ting han ønskjer å sjå meir av.

– Eg har fått mykje fagkunnskapar som eg treng for å undervise i barneskulen. Også meiner eg oppriktig at me kan nærme oss praksis enno meir i utdanninga. 

MARKERING: HVL feira lærardagen på høgskulen tidlegare i oktober, for å markera det dei fortel er «verdas viktigaste yrke».

Også nynorsken får gjennomgå hjå Santos-Stokke, som meiner at nynorskeksamen heller kunne vore eit arbeidskrav.

– Det er sikkert fordi eg ikkje er så god i nynorsk, men eg er nøgd og har hatt ein super utdanning, forsikrar han.

Utfordringane i dagens skule

I 2022 vart ein rapport frå OsloMet publisert der forskarar evaluerte effektane av seksårsreforma. Funna viste at dagens fyrsteklassingar leikar mindre enn tidlegare. 

Santos-Stokke har sjølv sett kva leik kan gjere for barna i klasserommet.

– Leik er utruleg bra, det skapar gode læringsmiljø. Når me har praktiske øvingar ser eg at dei elevane som kanskje fell frå i timen klarer seg sjukt bra – om ikkje best.

Men det kan også verte for mykje av det gode – for han vil ikkje sleppe opp heilt.

– Det er noko som heiter «tough love» og me må tørre å setje krav til elevane. Det trur eg er sunt, seier han.

UHELDIG UTVIKLING: Santos-Stokke fortel at han har opplevt utagerande barn i løpet av tida som lærar.

Den siste tida har det verte skrive om meir vald og hard språkbruk mellom elevar i skulen. 

Santos-Stokke delar fleire tankar om kvifor det har vorte slik.

– Det er ganske kompleks, men eg trur det handlar om oppseding heimefrå. Også trur eg det er skadeleg å gi barn tilgang på sosiale medier for tidleg. Me gjer så godt me kan, men utgangspunktet er det foreldra som set, meiner han.

– Når det kjem til vald i klasserommet så er det ein grunn til at barn er valdelege. Det er ikkje fordi barn er onde, men fordi dei har ting inne i seg, legg han til.

Ei endring i opplæringslova har gjeve lærerane meir rett til å gripe inn i klasserommet, det er positivt, ifølgje Santos-Stokke:

– Det er godt at me har fått ei lovendring no, slik at me får lov til å flytte barn ut av klasserommet. Me kan ikkje styre kvardagen etter éin person – det er ikkje sånn verda fungerer.

Fleire og fleire vert lærarar

I 2023 møtte 290 lærarstudentar til studiestart ved HVL i Bergen. Tala for 2025 viser ei auking til 436 studentar ved høgskulens grunnskuleutdanning.

Lilly Nilkwan Winsjansen, Rasmus Mikal Eide og Jonas Torbjørnsen Hinna er alle fyrsteårstudentar ved grunnskuleutdanninga. Dei er samstemde i at læraryrket er noko for dei.

KLARE FOR SKULEN: Den komande praksisperioden vert spennande for dei ferske lærarstudentane Jonas Torbjørnsen Hinna, Rasmus Mikal Eide og Lilly Nilkwan Winsjansen.

– Eg har jobba som vikar på skule og hadde aldri tenkt over å verte lærar før eg hadde arbeidserfaring. Men det er veldig gjevande å sjå kva påverknad ein kan ha for små barn, fortel Eide. 

FRAMTIDAS LÆRARAR: Desse tre er mellom anna dei komande lærarane som kjem til å sei: – Ein to tre, her kjem ein beskjed.

Hinna er samd og fortel om kva han ser fram til vidare.

– Eg gler meg til å kome ut i praksis, da er det er fyrst observasjonspraksis der me observerar elevane, seier han.

Studentane trur også at meir leik i skulen er positivt for elevane.

– Som lærar skal du både halde på med utdanning og danning, den balansen er ganske hårfin. Mitt inntrykk er at det har vore for lite leik, delar Hinna.

Winsjansen ønskjer ikkje at barna skal falle frå – meir leik kan vere ei løysing.

– Det er viktig å ikkje trengje på all kunnskap med ein gong. Barn følgjer ikkje med hvis du bablar om matte eller norsk i ein time. Ta inn noko leik, så dei kan forstå betre kva dei halder på med, meiner ho.

– Det er viktig at dei får sosiale kunnskapar og at dei tileignar seg evner saman med medelevar, uttrykkjer Eide.

Draumelæraren?

Winsjansen vil vere ein tryggleik for alle elevane sine.

– Eg vil vere den læraren som elevane kjenner seg trygg på å gå til. Det er mange som ikkje tør å gå og snakke med læraren sin – eg vil vere den dei pratar med og samstundes senkar skuldrene, fortel ho.

– Målet mitt er å bli hugsa som «han» læraren, den dei tenkjer tilbake på, fortel Eide.

Spøkjefullt spør underteikna: 

– Kjendislæraren?

Eide nikkar anerkjennande.

Powered by Labrador CMS