Studentdemokratisk likegyldigheit

Våren er tida for mange studentpolitiske val, men det kan vere vanskeleg å bry seg. 

Publisert Sist oppdatert

Dette er en kommentar. Teksten gir uttrykk for forfatterens egne meninger.

Det er april og tid for studentval. Eit nytt studentparlament, og to nye studentrepresentantar i Universitetsstyret skal veljast. Ved fakulteta er det òg prosessar med å velje nye studentutval og fakultetsstyrerepresentantar. Det er med andre ord ei studentpolitisk høgtid. Men kven bryr seg?

Valdeltakinga ved studentvalet er vanlegvis veldig låg, på rundt ti prosent. Til samanlikning var valdeltakinga i kommunevalet 2023 på 62 prosent, og stortingsvalet 2021 hadde 77 prosent. Det er med andre ord lite engasjement rundt studentvalet, trass debattar på Kvarteret og valdekning i studentmedia.

«Studentparlamentet er berre ein gjeng SV-studentar som leikar storting», er ein påstand eg har høyrt frå fleire hald. Ein annan er at «Studentparlamentet berre er ei samling av tidlegare elevrådsleiarar». Eg skal ikkje ta stilling til i kva grad dette stemmer, men at dette er eit utbreidd inntrykk er uheldig. 

For kva gjer eigentleg parlamentet? Tidlegare parlament har skrytt av at dei har innført gratis bind og tampongar på campus, men dette er så vidt eg veit ikkje tilfelle ved dei aller fleste fakultet. Eit anna gjennomslag som ofte blir trekt fram er det at SV-biblioteket er døgnopent, som for mange sikkert er eit bra tiltak. Det skal dei ha. Men om du spør ein tilfeldig student om kva studentparlamentet har gjort denne perioden, får du truleg ikkje eit godt svar.

Studentparlamentet er eit talerøyr som gjennom resolusjonar skal gi klare beskjedar til Universitetet om kva studentmassen meiner og ynskjer seg. Men det kan kven som helst gjere. Tidlegare i år var det studentdrivne demonstrasjonar for Palestina. Desse studentane leverte eit bodskap som var minst like tydeleg som ein parlamentsresolusjon. Det er mange moglegheiter for påverknad som ikkje involverer «ministortinget frå SV-fakultetet».

Dei to studentane som får reell innflytelse i dette valet er dei som blir valt inn i Universitetsstyret. Merkeleg nok får desse to mykje mindre merksemd enn studentparlamentet, og valoppslutninga er noko lågare i dette valet. 

Dei fleste studentane har truleg ikkje noko inntrykk av universitetsstyrestudentane, utanom det dei ser gjennom valkampen. Plakatar og klistremerke florerer rundt på campus på våren, og så er det stilt fram til neste valkamp. Kva den faktiske forskjellen mellom dei ulike kandidatane er, er ikkje lett å seie. Kva skil eigentleg dette valet frå ein elevrådaktig popularitetskonkurranse? 

Både universitetsstyrerepresentane og parlamentet bør gjere ein betre jobb med å nå ut til den vanlege studenten. Ein blir ikkje informert av å lese utdaterte toalettaviser. 

Korleis skal Studentparlamentet vere eit godt talerøyr, og korleis skal universitetsstyrerepresentantane verkeleg representere oss, om ingen av oss har stemt på dei, og ingen av oss engasjerer oss i arbeidet deira? Og korleis skal vi vere engasjerte når vi ikkje føler oss representerte, eller veit kva dei held på med? 

Eg veit ikkje kva løysinga er, men det må starte ein stad. Kanskje med deg? Engasjer deg på fakultetet ditt.Send mail til dei som representerer deg i ulike organ. Følg med på kva parlamentet gjer, og kritiser dei om du meiner dei gjer noko dumt. Skriv lesarbrev, bli journalist, start ein demonstrasjon! 

Studentdemokratiet fungerer ikkje utan studentane.

I år vil eg at du skal stemme i studentvalet, og halde fram med engasjementet gjennom heile valperioden. Så skal du sjå at valet faktisk er meir meiningsfylt til neste år.

Powered by Labrador CMS