– Det er i hovudsak studentar som spelar i Noreg. Me har studentar innan mange studieretningar, både frå HVL og UiB, og nokon som ikkje er studentar.
Det seier Annette Ellingsen frå BSI Owls, lacrosselaget til Bergen Student Idrett (BSI).
– Når folk byrjar å studere vil dei vere ein del av eit miljø. Mange vil prøve noko nytt, og i lacrosse er det ingen som er kjempegode frå før av. Då er det lettare å bli med, fortel ho.
I Bergen er det snart sju aktive lag. Både Owls, og BI-laga Cheetahs og Chiefs kan fortelje at dei har over førti spelarar på sine lag. Dei færraste spelarane har erfaring frå før.

UGLENE. Annette Ellingsen og Victoria Ommundsen har spelt på BSI Owls i høvesvis tre og eitt år. FOTO: HENRIK FOLLESØ EGELAND
Få som har erfaring frå før
Alle Bergenslaga er studentlag. På nasjonalt nivå er det berre to herrelag og to kvinnelag som ikkje er det.
– Det er sjeldan at nokon har erfaring frå før. Det er flest studentlag og så er det dei som har spelt på studentlag før og no har starta nye lag. Derfor er læringskurva ganske bratt, seier Thomas Brien frå BI Chiefs.
Lagkamerat Kyrre Kvebæk ser det positive i at dei færraste har erfaring.
– Det er nok litt av sjarmen med det, at alle startar på same nivå. Og så byggjer ein seg oppover.
Anette Kummen frå søsterlaget BI Cheetahs hadde ikkje spelt lacrosse før då ho byrja på BI.
– Eg ville eigentleg drive med ein sport eg hadde drive med før, som fotball eller handball. Men så enda eg med ein heilt ny idrett, og det er eg veldig glad for i dag.

LITE RIVALISERING. Det er god stemning i Lacrosse-miljøet, skal me tru jentene på BI Cheetahs. FOTO: JULIE GÜNTHER
– Moro å begynne samtidig
Det at få har erfaring frå før kan òg vere ei utfordring meiner Kummens lagvenninne Tara Salarinezhad, som fortel at det er ofte utskiftingar på laget. Sidan mange av dei som var med frå før berre hadde spelt i eitt år, valde dei i haust å ta inn mange nye. Slik får dei eit stabilt lag dei neste åra.
– Dei som byrjar no er heldige, for dei byrjar mange saman. Det hjelper motivasjonen og det er mest moro når så mange som mogleg får vere med, seier ho.
Kvebæk frå BI Chiefs trekkjer fram at det kan vere ein bakdel at BI i Bergen berre tilbyr utdanning på bachelornivå.
– Det er gjerne ei ulempe at det berre er tre år, medan dei andre laga gjerne har folk som tek mastergrad og kan spele lenger.

FORSKJELLAR. Det er berre gutane som har høve til å takle kvarandre i Lacrosse. – Kroppskontakt er ikkje lov for jentene. Gutanes «stick» har ei djupare lomme. Sidan det er meir kroppskontakt, ville ikkje ballen haldt seg i lomma med jentene sin stick. FOTO: JULIE GÜNTHER
Dyrare for gutane
Utstyret er ein av dei større forskjellane mellom kvinne- og herrelacrosse. Salarinezhad frå Cheetahs fortel at jentene berre treng tannbeskyttelse, beskyttelsesbriller og fotballsko dersom dei ikkje har det frå før. I tillegg treng dei sticken, som kan variere i pris. For gutane er det verre.
– Det er dyrare for oss. Me har jo hjelmar, hanskar og albogebeskyttarar, seier Brien.
Han fortel at sidan gutane har lov til å takle kvarandre, treng dei meir beskyttelse.
– Ein billig pakke for oss er rundt 3000 kroner, legg Kvebæk til.
At sporten er dyr for herrelaga er ein av grunnane til at BSI først no har fått starta opp sitt eige herrelag. Ellingsen fortel at dei framleis jobbar med å kjøpe inn utstyr.
– Er du ny og ikkje kjent med sporten har du gjerne ikkje lyst å bruke pengar på alt utstyret, og er avhengig av at laget har utstyr. Då må laget ha pengar til det, seier ho.
Kummen samanliknar lacrosse med ishockey, men seier at det for jenter er ein mykje snillare versjon. Kyrre Kvebæk frå søskenlaget Chiefs, kan fortelje at herresporten er litt meir brutal.
– Kroppskontakt er ikkje lov for jentene, men det er lov for gutane. Og «sticken» har ei djupare lomme. Sidan det er meir kroppskontakt, ville ikkje ballen haldt seg i lomma med jentene sin stick.

DJUPARE. Gutestick til venstre og jentestick til høgre. FOTO: JULIE GÜNTHER
– Spelar for å vinne
Cheetahs-spelar Tara Salarinezhad fortel at det er eit godt miljø mellom laga i Bergen, og Ommundsen frå Owls meiner at det ikkje er nokon rivalisering verken på eller utanfor bana.
– Der er me alltid hjelpsame med å låne vekk utstyr og sånt til kvarandre. Me gjer kvarandre betre, seier Ommundsen.
Les også: Avis på NHH fikk null i støtte fra Velferdstinget