Nyhet

Brannutrykning til Sammen-hytta

Fleire titals UiB-studentar vart evakuert frå Sammen-hytta etter at brannalarmen vart utløyst søndag føremiddag.

Publisert Sist oppdatert

Saka blir oppdatert.

Klokka 12.30 søndag føremiddag fekk brannvesenet melding om røykutvikling frå Sammen-hytta i Furedalen.

Det melder Bergensavisen.

– Det har vore ein ulmebrann i ein sentralstøvsugar. Den stod i eit teknisk rom, og det kom røyk ut av ventilasjonen, fortel vaktkommandør Helge Lund, ved 110-sentralen, til BA.

Det skal vere 32 personar som er evakuert frå hytta. Ein av dei er Oskar Jahr, som studerer kognitiv vitskap ved Universitetet i Bergen (UiB). Han fortel at han var ute med søppelet, då dei andre ringte og sa at det brant i sentralstøvsugaren.

FULL UTRYKNING. Brannvesenet kom med full utrykning til Kvamskogen. FOTO: Privat/Thea Gjerde

– Det kom røyk ut av ei ventilasjonsluke, samstundes som det lukta svidd inne på naborommet. Det viste seg heldigvis at det berre ulma i støvsugaren, skriv Jahr i ei melding til Studvest.

Jahr skriv vidare at dei raskt kontakta brannvesenet.

– Me valde å ringje til 110, og dei fant fort ut av kor me var. Me evakuerte hytta medan eg snakka med brannvesenet, og dei kom etter kvart med full utrykning. Då brøyt dei opp dørene inn til driftsrommet og tok ut metallbeholdaren til støvsugaren.

Får skryt
Oskar Jahr. FOTO: Privat

UiB-studentane får skryt frå brannvesenet.

– Brannvesenet var veldig påpasselege på at ingen hadde fått i seg røyk, ettersom det kan vere farlege gassar, skriv Jahr.

– Men dei ga oss skryt for at me kom oss så kjapt ut.

Jahr fortel også at det heile gjekk ganske roleg for seg.

– Me heldt oss ganske rolige. Me var nesten ferdige med utvasken då dette skjedde, så folk plukka berre med seg sakene sine og gjekk ut. Me sende dei bort til alpinanlegget så dei kunne halde seg varme.

Powered by Labrador CMS