Fjern særkrava!

Dei særlege opptakskrava til lærar- og sjukepleiarutdanningane må fjernast. 

Publisert

Dette er et innsendt innlegg. Innlegget gir uttrykk for forfatterens egne meninger.

Over heile landet blir det rapportert om mangel på lærarar og sjukepleiarar, og denne mangelen ser ut til å auka dei kommande åra. Samstundes står det tomme studieplassar på lærar- og sjukepleiarutdanningane ved fleire av utdanningsinstitusjonane – også ved Høgskulen på Vestlandet. 

I 2024 skal Regjeringa leggja fram forslag til nytt opptakssystem for høgare utdanning, og då er det på høg tid å fjerna dei særlege opptakskrava for lærar- og sjukepleiarutdanningane. 

I dag er det mange eigna og motiverte menneske som kunne tenkja seg å bli lærar eller sjukepleiar, men opplever at karakterane frå vidaregåande skule set ein stoppar for draumane deira. Slik kan det ikkje vera. Utdanningsinstitusjonane skal ha lærar- og sjukepleiarutdanningar av høg kvalitet, med god oppfølging, vurdering, praksis og teori, og utdanna gode kandidatar. Då blir det feil å fokusera einsidig på kor kompetent ein er når ein startar på utdanninga, når det er sjølve utdanninga som skal gjera deg kompetent for arbeidslivet.

Utdanningane krev i seg sjølv mykje av studentane, og då er motivasjonen til studentane vel så viktig som karakterane ein søkjer seg inn med. Alle studentar må igjennom dei same krava til undervising, eksamen og praksis, og det er utdanningsinstitusjonen sitt ansvar å leggja til rette for dette. Då må styresmaktene gje utdanningsinstitusjonane gode rammer for gjera jobben sin, og la menneske som ønskjer det få søkja seg til lærar- og sjukepleiarutdanning.

Studenttinget på Vestlandet meiner rekrutteringa til desse utdanningane er viktige for framtida til velferdsstaten. Lærarar og sjukepleiarar er samfunnskritiske yrkesgrupper. Å oppretthalda god rekruttering til desse yrka er dermed avgjerande for å kunna ta i vare folk i heile landet. 

Å fjerne særkrava er det lettaste og viktigste tiltaket som kan gjerast for å hindre motiverte søkere fra å komma seg inn i desse yrka. Oppmodinga er derfor klar: 

Dei særlege opptakskrava til lærar- og sjukepleiarutdanningane må fjernast.

Særkrava i dag

På både lærar- og sjukepleiarutdanninga blir stilt det i dag særskilde karakterkravet i tillegg til generell studiekompetanse.

Grunnskulelærarutdanning:

* minst 35 skulepoeng, og minst 4 i matte, 3 i norsk.

ELLER

* minst 40 skulepoeng, og 3 eller betre i både matte og norsk.

Sjukepleiarutdanning:

* minst 3 og både matematikk og norsk

 Denne faktaboksen er skrevet av Studvest. 

Powered by Labrador CMS