Debatt

Ikkje la politisk farge polarisere kvinnekampen

Eg har trua på ein brei kvinnekamp kor det er rom for meiningsmangfald.

FOTO: (F.v.): Fredrik Mohn og Henriette Frøysland Thorkildsen
FOTO: (F.v.): Fredrik Mohn og Henriette Frøysland Thorkildsen
Publisert Sist oppdatert

Det tok lang tid før eg følte meg komfortabel med å kalle meg sjølv feminist. For meg var ordet lenge kopla med noko heilt annet enn kva omgrepet faktisk betyr. Ei betyding som eg sjeldan kjende meg igjen i. 

Då eg var yngre oppfatta eg at feminisme var eit ord som blei assosiert med ein type radikal kvinnekamp som ofte blei framstilt lite nyansert. Ein kvinnekamp som var langt frå mi eiga verkelegheit, men ein eg hadde respekt for. Ettersom åra gjekk, byrja eg å reflektera over kva feminisme eigentleg var, og kvifor eg som kvinne ikkje klarte å eiga det ordet. 

Feminisme var lenge eigd av venstresida, dei gjekk i fakkeltog, skreiv kronikkar og debbaterte klassiske kvinnekampsaker. Det var ei tydeleg politisk skillelinje på kva saker du skulle vera einig i dersom du skulle kalla deg feminist. Ein kan framleis sjå den dag i dag at feminismen ber preg av dominans frå venstresida, men kulturen har heldigvis endra seg mykje dei siste åra. 

Det skal vera høg takhøgde når ein diskuterer kvinnesaker, og sjølv om ein har ulike standpunkt i nokre saker, må me stå saman om feminismen. Me skal ikkje gløyma historia om korleis kvinnekampen starta og kven som stod i bresjen, men me må vera opne for at fleire vil vera med på å skriva historia vidare. 

Under markeringa av den internasjonale kvinnedagen i Bergen 8. mars, vil det tradisjon tru vera ein marsj med parolar. Parolane er vedtatte på eit parolemøte i regi av 8. mars-initiativet i Bergen, og inneheld gjerne politiske fanesaker. Det eg derimot stiller meg litt undrande til, er kvifor mange av årets parolar har politiske budskap med relativt lite tilknytting til kvinnekampen, som for eksempel: «Ta kampen for 6- timarsdagen.»

På den andre sida er høgresida alt for dårlege på å sende inn parolar sjølv, noko som me må ta sjøvkritikk på og gjerne endra praksis for. Likevel er det nok ei oppfatting i Høgre om at resten av kvinnebevegelsen ikkje ville høtrt på forslaga som hadde kome frå oss. Sjølv kjem eg nok til å gå under parolen til Venstrekvinnelaget om meir forsking på kvinnehelse.  

Feminisme er eit breitt omgrep som handlar om fridom, likestilling og rettferdig. Tre verdiar som ikkje først og fremst blir definert av politisk farge, men moralar og verdiar som ein kjempar for.

Eg har trua på ein brei kvinnekamp kor det er rom for meiningsmangfald. Men då må fleire ta eigarskap til feminisme, og me må ikkje la politisk farge polarisere kvinnekampen. 

Powered by Labrador CMS