Nyhet

– Skuffande og trist, seier ansvarleg for likestilling

Fleire menn enn kvinner er aktive i studentpolitikken. Det vil nyvalt AU-medlem i Studentparlamentet, Kaja Hovdenak, gjere noko med.

STUDENTPOLITIKKEN. Elida Slettum er avtroppande nestleiar i AU i Studentparlamentet. Ho synes likestilling har betra seg i år, men at det var uheldig at alle listeleiarane var menn.
Publisert Sist oppdatert

– Det er flaut at så få kvinner tek del i studentpoltikken. Det er flest kvinner på universitetet, seier Kaja Hovdenak.

Ho stilte tidlegare i år som andrekandidat på den studentpolitiske lista Venstrealliansen, og er no valt inn som medlem av Arbeidsutvalget (AU) i Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen (UiB).

AU som ble valt mandag består av halvparten menn og kvinner.

I 2021 var 60 prosent av studentane på UiB kvinner. Studentparlamentets listerepresentantar er ni kvinner og femten menn. Det utgjer 62,5 prosent menn og 37,5 prosent kvinner.

KVINNE. Listene må ta større ansvar og drive aktiv rekruttering av kvinner, fortel studentpolitikar Kaja Hovdenak.

– Ein kan jo spørre seg sjølv kvar kvinnene blir av. Kvinner har kompetanse og meiningar, men vi ser ikkje dei i studentpolitikken, seier Hovdenak.  

Mindretal

Fleire har reagert på at alle årets listeleiarar var menn. Det var blant anna eit tema under årets listedebatt. Også UiB-rektor Margareth Hagen peika på at det var for lite mangfald i Studentparlantet under valmøtet på måndag.

– Dersom ei kvinne stiller til val skil ho seg ut. Det må vere større rom for at kvinner stiller til dei øvste verva, seier Hovdenak.

For å sikre representasjon har Studentparlamentet ein likestillingsansvarleg og kjønnskvotering i Arbeidsutvalet (AU). Årets valoppslutning låg på 13,5 prosent, fire prosent meir enn ifjor. Hovdenak meiner at med større mangfald kjem også valoppslutninga.

– Det er dårleg representasjon i Studentparlamentet generelt. Kvinnene er i mindretal og eit fåtal har minoritetsbakgrunn. Det er allereie veldig dårleg valoppslutning. Kanskje vi kan starte her, seier ho.

Nokre av listene har interne regler for å sikre representasjon. Det meiner Hovdenak ikkje er nok.

– Listene må ta større ansvar og drive aktiv rekruttering av kvinner. Nokre kvinner trenger ein ekstra dytt for å stille til dei øvste verva, meiner studentpolitikaren.

Mange av studentpolitikarane i Studentparlamentet går vidare med si politiske karriere etter studietida. 

LISTELEIAR. Dei seks listeleiarane under årets studentval ved Universitetet i Bergen. Foto: Foto: Andrea Olsen og Anna Jakobsen.

– Tida i studentparlamentet er ei viktig og tung erfaring å ha med seg vidare. Dersom det er flest menn som får erfare dette kjem vi skeivt ut, fortel Hovdenak. 

Uheldig at alle listeleiarane er menn

Elida Slettum er avtroppande nestleiar i AU i Studentparlamentet. Der var ho også likestillingsansvarleg. Ho synes likestilling har betra seg i år, men at det var uheldig at alle listeleiarane var menn.

– Mange av listene sleit med å finne listeleiar generelt, og då alle blei annonsert samtidig var det veldig synd at alle var menn, meiner Slettum. 

Mange av listene har interne reglar for å sikre likestilling, men noko overordna krav har til no ikkje vore aktuelt.

– Vi ynskjer lav terskel for å stille med ei liste, og då vil ein ikkje sette krav som kan hindre det. Vi kan ikkje legge føringar for korleis listene skal fungere internt, det er ikkje særleg demokratisk. Vi må derimot oppfordre og legge tilrette for det.

Sjølv ynskja ho ikkje opprinnleg å stille som nestleiar i AU, men blei kvotert inn fordi dei mangla ei kvinne.

NESTLEIAR. Elida blei kvotert inn i Arbeidsutvalet i Studentparlamentet og hadde ikkje opprinnleg ynskja å stille som nestleiar.

– Kvinner har kanskje lettare for å gå inn i nestleiar-rolla, og heller ta på seg meir administrativt ansvar. Sjølv har eg same erfaring, eg tek mykje heller på rolla som nestleiar enn å vere fjeset utad. 

Studentparlamentet fokuserer ofte på representasjon og større mangfald, men likevel ser ein ikkje resultat, fortel Slettum. 

– Det er skuffande og trist at vi må kvotere inn kvinner i verv. Mange i Studentparlamentet tenker og snakkar mykje om det, likevel ser ikkje vi resultatet vi ynskjer. 

Ei endring skjer ikkje over natta

Oscar dos Santos Kvalsvik sitt i AU saman med Slettum og er leiar for årets valstyre. Han meinar at det er tilfeldig at årets listeleiarar er menn.

– Vi er eit uavhengig organ. Derfor skal vi berre organisere valet og ikkje legge føringar for kven som skal stå på lista. Representasjon har difor ikkje vore eit tema valstyret kan gjere noko med.  

Som medlem i AU har Kvalsvik erfart problema med representasjon i Studentparlamentet. 

– I årets val la vi tilrette for auka rekruttering til listene, men ikkje aktivt av ulike grupper. 

Kvalsvik meiner det er forbetringspotensiale i studentparlamentet. 

– Det er uheldig at vi ser ein trend av færre kvinner i Studentparlamentet samanlikna med andel kvinner i studentmassen. Fakultetsrepresentasjonen har vore like problematisk. Framover må listene fokusere på breiare representasjon av kjønn og fakultet, meiner han.

Kvalsvik er halvt brasiliansk og gjekk inn i Studentparlamentet fordi han såg den manglande representasjonen av studentar med minoritetsbakgrunn. 

VALSTYRE. Oscar Dos Santos Kvalsvik er leiar for årets valstyre og peiker på at dei ikkje kan legge føringar for kven som skal stå på lista.

– Eg ville vere med å gjere ei endring og det skjer ikkje over natta. Studentparlamentet kan skifte kurs, men kva som skal til og kor lang tid det tek veit eg ikkje. Det krev tid, ressursar og samarbeid. 

Kan vere demotiverande

Aksel Solheim er listeleiar for Grønn Liste. Han synes det er synd at alle listeleiarane i år er menn og at representasjonen i Studentparlamentet er for dårleg. 

– At alle listeleiarane er kvite menn i 20-åra er ikkje noko å vere stolte av. Eg anerkjenner at eg sjølv er ein del av problemet. Dette må listene tenke på til neste val. 

I Grønn Liste forsøkte dei å finne ein kvinneleg listeleiar. 

– Vi hadde ikkje nok kvinnlege representantar som ville stille. 

Han trur at manglande representasjon kan vere demotiverande for kvinner som vil inn i politikken. 

– Eg synes at leiar og nestleiar burde vere kjønnsbalansert. I Studentparlamentet må vi vise meir aktivt at vi ynskjer kvinner i leiarstillingar. Kvotering er eit viktig tiltak for å sikre dette. 

GRØNN LISTE. Aksel Solheim er ein av seks manlege listeleiarar. Foto: Andrea Olsen.
Powered by Labrador CMS