Dette er Statsbygg-saka

Statsbygg kan ta over eigedomane til UiB. Dette kan påverke deg som student, og me har oppsummert korleis.

ARKIVFOTO: Julie Helene Günther
Publisert Sist oppdatert

I morgon skal saka om Statsbygg skal ta over Universitetet i Bergen (UiB) sine eigedommar opp til høyring i Stortinget.

Dette kan påvirke deg som student på fleire måtar. Under har me oppsummert saka, og kva konsekvensar den kan få.

Me har snakka med leiar for Arbeidsutvalet (AU) ved UiB, Andreas Trohjell. Han fortel blant anna at studentpolitikarane over heile landet står i ein samla front mot saka.

Kva er saka?

Staten ynskjer å effektivisere og spare pengar på det som er kalla eigedomsforvaltning. I desember 2018 kom ei rapport som er gjennomført på oppdrag frå Finansdepartementet og kommunal- og moderniseringsdepartementet, utført av konsulentselskapet Capgemini. Denne rapporta tok føre seg eigedomspolitikken i statleg sivil sektor.

Ein av konklusjonane i rapporta var at UiB bør overføre eigedom og eigne ansatte som jobbar med forvaltning av eigedom til Statsbygg.

Slik det er i dag får UiB pengar frå statsbudsjettet til å eige og drifte sine eigne bygg. Dette er til dømes bygg som Ulrike Pihls hus, Kvarteret, Universitetsmuseet og Studentsenteret.

Kvifor bør eg bry meg om dette?

Me spurte leiar i AU, Trohjell, om kva som kan skje for studentane sin del dersom dette går gjennom, og Statsbygg tar over eigedommane til UiB.

– For studentane betyr det i hovudsak at det blir mykje vanskelegare å jobbe for dei heilt studentnære tinga, meiner Trohjell.

Han trur også at det hadde gått utover studentbarane på Høyden.

MAKT. AU-leiar Andreas Trohjell trur det kan bli vanskelegare for studentpolitikarar å få gjennomslag for ting dersom Statsbygg tar over. ARKIVFOTO: Silje Dahle

– Kvifor trur du det går det utover barane?

– Fordi Statsbygg vil ha ein ekstremt stor portefølje, nesten alle universiteta i landet sine bygg og all annan statleg sivil sektor, som til dømes fengsel og domstolar. Det betyr i praksis at ting kjem til å ta frykteleg mykje lenger tid, meiner han.

Trohjell fortel om den ytterste konsekvensen dersom dette går gjennom. Han er redd for studentmedvirkninga og det fysiske læringsmiljøet på UiB.

– Spesielt for studentleiarar som meg så kan det bli utfordrande å jobba med stikkontaktar, lesesalar, lys, hallen i Studentsenteret, nettopp fordi UiB ikkje driftar det. Då må me inn i ein annan kanal i Statsbygg som har kontor i Oslo.

Trohjell trekk også fram at det kan bli usikkert framover med tanke på studentvilla.

– Og den har me jobba med i 12 år, fortel han.

– Kvifor trur du at dette ikkje kjem til å skje?

– Det er ingenting som tilseier at Statsbygg treng å gjennomføre det. Kva gjelder UiB, så har me konkrete planar. Og grunnen til at me har det er at me forvalter eigne bygg og kan vere såpass fleksible at det er mulig å få det til.

Kva skjer vidare?

Torsdag klokka 10:15 skal saka opp til høyring i Stortinget. Det er Senterpartiet (Sp) som har levert inn eit forslag om at dei ikkje ynskjer at Statsbygg skal ta over eigedommane.

Der skal Trohjell delta saman med blant andre universitetsdirektør Kjell Bernstrøm. Trohjell fortel at det viktigaste for han er å overbevise politikarane om at dette er «ein dårleg idé».

Universitetsdirektør Bernstrøm har tidlegare uttalt til På Høyden at han synest ei overføring av bygg til Statsbygg vil vera problematisk for UiB.

Trohjell fortel om planen for høyringa:

– Me må få partia til å bli einige med oss, og spesielt regjeringa. Me må få dei til å forstå at dette er ein dårleg idé, og så legge saka ned i ei skuff. Politikarane har ikkje bestemt seg enda. Og dette er ei politisk sak, ikkje ei fagleg sak.

Trohjell fortel at AU har brukt mykje tid på å prate med politikarar. Sjølv gjekk Trohjell til val på denne saka, då han stilte som leiar i AU. Sidan har han jobba med saka i nesten eitt år.

Powered by Labrador CMS