Nyhet

Dette tenkjer smittevernoverlegen om studiestart

Smittevernoverlege Karina Koller Løland fortel at ho er bekymra for at det kan oppstå smitte i samband med fadderveka og studiestart.

FOTO: Privat
Publisert Sist oppdatert

Fadderveka er allereie i gong, og studiestart er rett rundt hjørnet. Både Handelshøyskolen BI og Høyskolen Kristiania (HK) har tørrlagt sine fadderveker for å hindre smitte. Ein ting er sikkert – det blir ein annleis studiestart for både nye og tilbakevende studentar.

Smittevernoverlege i Bergen, Karina Koller Løland, fortel til Studvest kva tankar ho har gjort seg om studiestart i Bergen, og kva ansvar kvar og ein sit på.

Ho synes det er bra at faddervekene blir gjennomført med tanke på psykisk helsevern fordi det kjem mange nye studentar som ikkje kjenner så mange.

– Eg er likevel bekymra for at det kan oppstå smitteutbrot i forbinding med nokre av arrangementa då kombinasjonen av alkohol, unge menneske og lite avstand lett kan forekomme, seier ho.  

– Du blir mindre kritisk og årvåken ved inntak av alkohol, og det kan få negative konsekvensar for oppførselen din med omsyn til smittefare, legg ho til.

Alle har eit ansvar

Løland forventar ein oppblomstring av smitte, men ho er ikkje er veldig bekymra for det. 

– Vi er meir på vakt og har mange måtar å fange opp ny smitte og nye utbrot på, og vi har nye metodar for å slå raskt ned på det. 

Smittevernoverlegen meiner det er eit par tankar som studentar bør gjere seg før dei kjem til Bergen. 

– Dei bør forsøke å unngå stader og situasjonar der det er vanskeleg å holde avstand og vise måtehold når det gjeld alkoholinntak, slik at ein alltid har kontroll over situasjonen, seier ho, og legg til: 

– Dersom det kjennest ubehagelig å vere i eit lokale grunna dårleg etterleving av smittevernet så er det viktig å forlate lokalet og gje beskjed til ansvarleg arrangør, slår ho fast. 

– Kva førehansreglar bør studentane ta? 

– Viss ein er sett i karantene skal ein overhalde karantenereglane. Dersom ein har det minste symptom på koronasjukdom så skal ein halde seg heime og la seg teste, seier ho. 

– Det kan også vere fornuftig å halde seg til faddergruppa si ei vekes tid etter at fadderveka er ferdig. Altså ikkje omgås mange nye mennesker dei første sju til ti dagane etter at veka er over. 

Powered by Labrador CMS