– Eg tykkjer fleire professorar nyttar kompliserte ord berre fordi dei kan

Veit du kva «ambivalens» «kausal» og «henseende» betyr? Det visste ikkje studentane vi spurte.

KOMPLISERT. Student Simon Ånestad meiner professorar brukar vanskelege ord fordi dei kan. FOTO: HENRIK FOLLESØ EGELAND.
Publisert Sist oppdatert

AKADEMISK SPRÅK

  • Her er orda Studvest testa studentar i, saman med definisjon:
  • Ambivalens: Å innehalde to motsette tendensar, dobbelthaldning
  • Kausal: Årsaksbestemt
  • Henseende: Kva dette angår, på alle måtar
  • Kilde: Språkrådet.

Ved Universitetet i Oslo (UiO) har fleire tilsette jobba fram ei akademisk ordliste, der ord som blir nytta i akademisk samanheng vert rangert frå mest daglegdags til minst daglegdags. Studvest tok med seg tre av dei vanskelegare orda ut på Høyden for å sjekke om studentar kunne definere dei.

– Ordforrådet mitt er greitt, men eg tykkjer det er professorar og forfattarar som nyttar kompliserte ord i bøkene sine, berre fordi dei kan, seier student Simon Ånestad.

Han meiner at han ville forstått ordet «ambivalens» i kontekst, men veit ikkje kva definisjonen er. Når han blir presentert med ordet «henseende», fortel han at han trur han har lest det, men bommar på betydninga.

ÅRSAK: – Eg har ikkje høyrt «kausal» i akademisk samanheng, men veit at det har med årsak å gjere, seier Mathias Teigen Refsnes. FOTO: HENRIK FOLLESØ EGELAND.

– Er det «tydeleg»? spør han.

Studenten, som seier at han har måtta søkt opp mange ord som student, treff derimot på definisjonen av «kausal», og kan fortelje at det har med årsak og samanheng å gjere.

– Ein må setje seg inn i språket

Heller ikkje studentane Mathias Teigen Refsnes, Oda Gjerde, Sara Eide og Malin Haga, kan forklare alle dei akademiske orda.

– «Ambivalens», har det noko med ambisjonar å gjere? spør Refsnes.

– «Henseende» har eg aldri høyrt om før, seier Haga.

Professor i lingvistikk ved Universitetet i Bergen (UiB), Øivin Andersen, tykkjer ikkje det er merkeleg at studentar slit med ord som desse.

VANSKELEG: – Om eg har slite med akademisk språk som student? Kanskje litt, seier Malin Haga. FOTO: HENRIK FOLLESØ EGELAND.

– Om dei ikkje er vande med ordbøker og å slå opp nye ord, er det ikkje rart. Men når ein byrjar på universitetet og møter nye ord, må ein setje seg inn i språket, seier han.

Laga akademisk ordliste

– Språket er ein markør for å vise samanhengen ein er i, seier Janne Bondi Johannessen, professor ved UiO.

Saman med fleire andre står ho bak ordlista med 750 akademiske ord og eksemplar på korleis ein nyttar dei. Johannessen forklarar at lista ikkje inneheld fagterminologi, men ord som blir nytta i akademiske tekstar over alle fagfelt.

– Mange er uvitande om kva som kjenneteiknar akademisk språk. Vår liste kan gjere dei medvetne om særskilde ord dei bør kunne, seier ho.

Trur språket kan vere problematisk

Øivin Andersen meiner at studentar har mykje å setje seg inn i når dei byrjar, og trekkjer fram at terminologien kan vere vanskeleg.

– Men det er òg dette med å formulera hypotesar på ein eksakt måte, å byggje opp ein argumentasjon. Då må ein både lære faget og kursast i akademisk skriving, seier han.

UKJENT: – Eg har høyrt ordet «ambivalens», men veit ikkje kva det betyr, seier Sara Eide. FOTO: HENRIK FOLLESØ EGELAND.

Johannessen veit ikkje om det har vore undersøkt i kva grad nye studentar slit med det akademiske språket, men trur det kan vere eit problem for mange.

– Til dømes har me ein stor andel studentar utan norsk bakgrunn som får ein ekstra terskel dei må over, seier Johannessen.

– Finst ikkje alltid enklare ord

Sjølv om mange akademiske ord kanskje kan bytast ut med ord som er lettare å forstå, meiner Johannessen at det er nyttig å ha ein anna språkleg setting på jobb enn på heimebane.

– Vidare kan ein nok uttrykke seg meir presist med det særskilde akademiske språket, meiner professoren.

Samstundes er ho tydeleg på at det ikkje alltid finst eit godt alternativ.

– Ta til dømes ordet «informant». Ein kunne moglegvis sagt «forsøksperson», men det er ikkje sikkert det er enklare. Dessutan tyder dei ikkje heilt det same, så dei kan ikkje bytast ut med kvarandre i alle samanhengar.

– Språk ikkje den einaste utfordringa

Viserektor for utdanning ved UiB, Oddrun Samdal, fortel at universitetet har eit mål om at studentar skal bli komfortable med det akademiske språket.

HØYRT FRÅ LÆRAR: – Eg trur eg har høyrt norsklæraren bruke «kausal» før, men eg veit ikkje kva det betyr, seier Oda Gjerde. FOTO: HENRIK FOLLESØ EGELAND.

– Det første ein ofte gjer er å lære vitskapeleg tenking gjennom exphil, der ein òg må lære seg å skrive akademisk, seier ho.

Viserektoren trekk fram at språket ikkje er den einaste utfordringa nye studentar møter når dei byrjar på utdanninga.

– Like viktig som det å bli kjend med akademisk språk er det å lære å lage eigen framdriftsplan og å jobbe sjølvstendig.

Ønskjer å lage nynorsk liste

Foreløpig er den akademiske ordlista berre å finne for bokmålsord, men Johannessen fortel at dei ønskjer å lage ei for nynorsk òg.

– Eg tykkjer det er ein skam at me ikkje har fått med ei liste på nynorsk, men det fekk me ikkje støtte til. Det er absolutt eit mål, seier ho.

Ho forklarar at det då ikkje vil vere snakk om å omsetje den lista dei har, men å starte på nytt og gå igjennom tekstar på same måte som dei har gjort med bokmålslista.

– Det ville vore spanande å samanlikne det akademiske språket i dei to målformene, slik det vert brukt i avhandlingar på universiteta, legg ho til.

Powered by Labrador CMS