Ei helsing i knipe

Synest du det er vanskeleg å vite korleis helse når du ikkje kan bruke handa? Her får du åtte alternative helsemåtar til inspirasjon.

Publisert Sist oppdatert

Dersom du av ein eller annan grunn ikkje har lagt merke til det er det ein aldri så liten pandemi ute og går, og Bergen er hardare råka av korona enn nokon gong. Ein av mange ting vi ikkje har hatt lov til å gjere det siste halvåret, og heller ikkje bør gjere dersom vi vil få lov til å drikke pils til klokka to på byen med det første, er å ta folk i handa. Frykt likevel ikkje (andre ting enn korona), for Studvest har nemleg samla ei hendig liste over andre måtar du kan helse på.

«Tante Bente» 

Denne måten å helse på har kanskje vorte den mest vanlege sidan landet stengde ned i mars. Kanskje ikkje så rart, sidan det er den som liknar mest på måten vi brukte å helse på før korona. No er det sjølvsagt viktig å følgje smittevernråd, men når vi først skal begynne å helse på nye måtar, vil du verkeleg gjere det på same måte som Bjørg (60)? Ikkje det, nei? Akkurat. Vi er unge, i alle fall nokså intelligente, menneske og vi kan finne noko som er betre.

Passar best for: Dei som drøymer om å jobbe i fylkeskommunen.

«Spenstig» 

Dette er den andre helsinga som verkeleg har fått fotfeste (håhå) dei siste månadane. Du bør kanskje passe deg for å prøve dette dersom du har litt for mange øl innabords, men sidan smittevernråda uansett ikkje opnar for å møte mange nye menneske i festlege lag burde ikkje dette vere eit problem. Denne måten er for så vidt nesten like kjedeleg som olbogen, men den opnar i det minste ei gyllen moglegheit til å spenne bein på dei du ikkje likar.

Passar best for: Dei som har to bein. Eller, nei. Det er kanskje enda gøyare, og enda meir smittevernvennleg, for dei med protese.

«Influensaren» 

Det kanskje viktigaste smittevernrådet er å unngå for mykje kontakt ansikt til ansikt. Då kan det å snu ryggen, og dermed rumpa, til vere eit godt alternativ. Denne måten å helse på kan òg utviklast vidare til ein konkurranse, der du får poeng viss den du helsar på endar opp med å stupe framover. Du burde likevel kanskje unngå dette dersom du har vore i Tyrkia og operert inn brystimplantat i rumpa. 

Passar best for: Dei som har veldig lyst til å vise kor mange ekstra squats dei har hatt tid til å ta sidan mars. Er squats framleis ei greie, forresten?

«Kvite gutar» 

Guttastemning-varianten av rumpehelsinga. Med denne måten å helse på treng du ikkje bekymre deg for at du har trena for lite, ete for mykje usunn mat og drukke for mykje pils medan du har vore i karantene. Tvert om passar den aller best for dei med ein særleg velutvikla ølmage. Ein skal trass alt framleis halde éin meter avstand frå ansikt til ansikt. Dersom du ikkje har stor nok mage, men likevel vil helse på denne måten, kan kanskje bruk av munnbind vere eit alternativ.

Passar best for: GUTTA! GUTTA! GUTTA GUTTA GUTTA GUTTA GUTTA! (Og sikkert jenter òg. Likestilling veit du.)

 «Potensiell pirat»

Dersom du vil unngå alle former for fysisk kontakt, som i denne samanhengen er like smart som det er trist, kan det å sende papirfly vere eit alternativ. Pass på at du siktar godt viss du skal bruke denne måten, slik at du ikkje endar opp med å helse på nokon du ikkje har lyst til å helse på. Du bør òg helst unngå å treffe nokon i auget.

Passar best for: Dei som synest livet peaka på ungdomsskulen, og ønskjer seg tilbake til denne tida. (Underteikna gjekk på ungdomsskulen før smarttelefonar var allemannseige, og veit difor ikkje om ungdomen no til dags framleis sender papirlappar).

«Mr. Bean» 

Sidan snakking aukar smittefaren, kan ikkje-verbale helsingar vere å føretrekke. Då kan rare bevegelsar med auga og resten av ansiktet vere ein fin måte å helse på. Ein mogleg risiko med denne måten kan vere at dei du prøvar å helse på kan tru at du held på å få slag, og difor kjem til å ringe ambulansen. Er det éin ting vi ikkje vil gjere i denne situasjonen er det å føre til auka press på helsevesenet, så bruk denne måten med omhug.

Passar best for: Dei som alltid har tenkt at det burde finnast ein norsk Mr. Bean, og har lyst til å fylle dette tomrommet.

«Hard to get» 

Den klart mest energieffektive, for ikkje å snakke om smittevernvennlege, måten å helse på er sjølvsagt å ikkje helse i det heile. Somme vil kanskje hevde at det er uhøfleg å ignorere folk, men desse tek feil. Dersom du synest denne måten er vanskeleg kan til dømes øyreproppar med høg musikk gjere det enklare. Dei som ikkje taklar at du ignorerer dei er svake menneske, som du bør luke ut frå livet ditt på same måte som dei med slappe handtrykk i gode, gamle pre-koronadagar.

Passar best for: Dei som vil spele kostbare, eventuelt dei som berre verkeleg ikkje likar andre menneske.

«Karate Kid» 

Somme folk, til dømes dei som bryt smittevernreglar, fortenar rett og slett eit spark i fjeset. Dei seier at vald ikkje løyser nokon problem, men veit du kva anna som ikkje løyser problem? Å spreie koronasmitte. Denne måten er nok enklast dersom du skal helse på nokon som er mykje lågare enn deg, eventuelt om du er veldig mjuk. Hugs at du òg kan sparke dei som ligg nede. Studvest tek ikkje ansvar dersom du skulle bli meld til politiet etter å ha prøvd denne måten å helse på.

Passar best for: Dei som går med ein liten Karate Kid i magen, men synest kampsport i ordna former er kjedeleg.

Sånn. Du som har kome deg gjennom denne lista har no kanskje fått nokre nye idéar til korleis du kan helse på folk på ein smittevernvennleg måte. Du kan anten velje å bruke ein av desse, eller du kan tru at du er betre enn oss og finne på din eigen. Så lengje du ikkje tek folk i handa. Det er dust.

Powered by Labrador CMS