Dansken, nordmannen og språkbarrieren

Skjønar nordmenn og danskar kvarandre? Studvest har prata med to studentar, ein frå Bergen og ei frå København. Dei er ikkje einige.

HÆ?: Måske kan du sige det på engelsk?
Publisert Sist oppdatert

Paul Edgar Hagen er lektorstudent og bergensar, og for tida er han på utveksling i København. Hagen fortel at han kan gjere seg forstått i Danmark, men då må han prate ein fordanska norsk. 

NICE I NOREG: Kjøller følte seg fort heime i Bergen.

– Eg merkar at dei i mykje større grad responderar på engelsk automatisk, når dei høyrer at ein ikkje kjem frå Danmark. Det er ein måte danskane ekskluderar dei som ikkje har dansk som morsmål, seier Hagen. 

Anna Engell Kjøller kjem frå København, der ho studerar psykologi. No er ho på utveksling i Bergen, og ambisjonen hennar var i utgangspunktet å bli flytande i norsk. 

– Eg tenkte at det kunne vere «cool» å lære eit nytt språk, men dei norske «roomiane» mine ville heller at eg skulle prate dansk, seier ho, og legg til at romkameratane heller ville øve seg på å skjøne dansk. 

Hagen har ikkje møtt på denne velvilligheita i like stor grad. 

– Eg må leggje vekk den bergenske dialekta, og eg prøver å snakke så tydeleg som mogeleg. Det er litt som å prate med mi avdøde bestemor som sleit med høyrsla, seier lektorstudenten spøkjande.

Språkbarriere eller ikkje?

– Opplever du at det er en tydelig språkbarriere mellom dansker og nordmenn?

– Det synest eg ikkje. Eg møter mange som er opptekne av at me kan prate norsk og dansk saman, seier Anna Engell Kjøller tankefullt. 

Paul Edgar Hagen er ueinig. 

– Ja, definitivt, seier han bastant. 

Hagen fortel om episodar der han har prøvd iherdig å gjere seg forstått med ein hybrid av dansk og norsk, medan københavnarane pratar fort og vanskeleg, utan å take omsyn til om nordmannen skjønar eit kløyva ord. 

– Den eine forelesaren min fortalde meg at det var «the colonizers mindset». Dei er ein gamal kolonimakt, så dei skal ikkje leggje seg ned på nivået til oss underdanige.

Engelsk som siste utveg

Nordmannen og dansken er kanskje ikkje einige i problematikken kring språkbarrierar, men dei har liknande strategiar for å gjere seg forstått. 

Kjøller passar på å gjere seg forstått, anten ved å prate langsamt, eller ved å krydre språket med norske vendingar. 

Når ho blir spurt og ho nokon gonger tyr til engelsk, er ho tydeleg på at det er siste utveg. 

– Eg tek det nesten alltid på dansk, men viss nokon ikkje skjønar eit ord, og det ikkje finst synonymar, nyttar eg engelsk som siste instans. Eg trur eg har slått over til engelsk éin gong medan eg har vore på utveksling, slår ho fast.

Paul Edgar Hagen er heller ikkje glad i å ty til engelsk, men han innrømmer at han stundom kryp til korset.

– Viss det stokkar seg heilt, og du skjønar at dei ikkje fattar kva du prøver å formidle, då må eg hoppe over på engelsk. 

ENGLISH PLEASE: Hagen vil ikkje vatne ut språket med engelsk.

Kven skal leggje føringane?

Korleis framtida til kommunikasjon mellom skandinavar ser ut, er dansken og nordmannen heller ikkje einige om. 

– Eg trur at viss det hadde vore opp til danskane, så hadde ein kanskje snakka engelsk saman. Eg har iallfall inntrykk av at danskane ser på seg sjølv som mykje meir kontinentale enn nordmenn, seier Paul Edgar Hagen. 

– Vi må ikkje la Danmark leggje føringane, konstaterar han avslutningsvis. 

Anna Engell Kjøller vonar at skandinavar ikkje tyr til engelsk, og ho opplever at det er ein stor villigheit til at nordmenn og danskar prøver å skjøne kvarandre, utan å bruke engelsk. 

– Eg trur det er viktig med eit kollektivt kulturelt engasjement viss det skal lukkast, seier Kjøller om å take vare på det unike fellesskapet ein har i Skandinavia. 

Powered by Labrador CMS