Anmeldelser

Einsidig skodespel om viktig tema

«Båten» viser fram talentar i Immaturus både innan skodespel og regi, men evnar ikkje formidle temaet på ein god måte.

Publisert Sist oppdatert

TEATER

«Båten»

Regissør: Maja Bergebakken Sundt

Kvar: Tivoli/Det Akademiske Kvarter

Dei tre «Mødrene» står på kvar sin pidestall og vakar over dei andre karakterane i stykkjet. Dei dømmer Romeo for hans del i Julie sin død, og beundrar Julie for hennar endelause håp. Samstundes føl dei med på eit ungt par i notida som utforskar sitt eige forhold. Mødrene stiller spørsmål, både til Romeo og Julie, det unge paret og publikum, men dialogen der Mødrene er involvert framstår sjeldan som ein samtale. Den framstår heller som noko einsidig, der Mødrene dømmer, og resten blir stilt til veggs, publikum inkludert.

Stykkjet kritiserar både romantiseringa av forholdet mellom Romeo og Julie og litteraturhistoria generelt. Det verkar til at målet er å skape ein samtale om kjønn og kjærleik gjennom historia, men det blir her gjort gjennom raseri og utan diskusjon.

Samanhengen mellom dei to unge para er utydeleg. Ein kunne forvente at det moderne paret var eit motstykke til Romeo og Julie, og at der Romeo blir klandra for si rolle i sin eigen romantiske historie, ville mannen i det andre forholdet vise seg som ein betre partner for sin kjærast. Men i dette forholdet ser ein eit par som ikkje er einige om mykje og ikkje er villige til å sjå kvarandre si side.

Immaturus viser at dei har dyktige skodespelarar som lev seg inn i rollane sine, og ein tenkjer ikkje ofte over at dette er eit amatørteater der mange er nye på scena. Stykkjet er og visuelt pent, med god scenografi, og mange gode valg tatt av debuterande regissør Maja Bergebakken Sundt. Men trass i talenta som får vist seg fram, let ikkje stykkjet bodskapet skinne igjennom.

Den store svakheita ligg i den heilheitlege formidlinga. Både teatersjef og regissør skriv i brosjyren at stykkjet krev noko av publikum og er opp til tolking. Dette stemmer, og treng ikkje nødvendigvis vere ein negativ ting, men i «Båten» gjeld dette i for stor grad. Meiningane som kjem fram i stykkjet er einsidige, og feilar i så måte å starte diskusjonen den ser ut til å ønskje. Dei forskjellige historiane som blir fortalt kjem heller ikkje saman på slutten, noko som skapar eit antiklimaks.

Samla sett gjer Immaturus si besetning ein god jobb her, men «Båten» forventar i overkant mykje tolking frå sitt publikum, og evnar ikkje å formidle sitt formål på ein god måte. Problematikken om korleis kjønn og kjærleik har blitt sett på er ein viktig ein, men «Båten», heller enn å stille spørsmål ved problemet, kjem med ein sterk, høglytt og einsidig påstand. 

Powered by Labrador CMS