Han tar over etter Iselin Nybø

Henrik Asheim (H) er den nye statsråden til studentane.

HØGRE. Henrik Asheim har tidlegare vore finanspolitisk talsperson for Høgre på Stortinget, og leiar av finanskomiteen. ARKIVFOTO: Adrian Grindbakken
Publisert Sist oppdatert

Fredag 24. januar vart dei nye statsrådane presentert for Kongen i statsråd. Kort tid etter var dei å sjå ute på Slottsplassen.

Etter nokre turbulente veker valte Fremskrittspartiet (FrP) til slutt å gå ut av regjering mandag 20. januar. Det kunngjorde partileiar Siv Jensen etter at regjeringa valde å hente heim ei terrorsikta kvinne og hennar to born frå Syria og til Noreg.

Studentane sin nye statsråd

Det er både nye statsrådar og omrokkeringar i Erna Solberg si nye treparti-regjering.

Sidan Venstre gjekk inn i regjering med FrP og Høgre (H) i 2017, er det Iselin Nybø (V) som har vore forsknings- og høgare utdanningsminister. No tar ho over posten til Thorbjørn Røe Isaksen (H) som næringsminister.

Den nye forsknings- og høgare utdanningsministeren er Henrik Asheim (H).

NY. No tar Iselin Nybø (V) over posten som næringsminister. ARKIVFOTO: Tore H. Thiesen

– Eg gler meg til å samarbeide med studentane, uttalar Asheim til Universitas.

Asheim er 36 år gamal frå Bærum. Han studerte på Handelshøyskolen BI og var tidlegare finanspolitisk talsperson for Høgre på Stortinget, og leiar av finanskomiteen.

I følgje Universitas publiserte Nybø før helga ei liste over kva ho og Venstre hadde fått til i regjering for studentane. Dei viktigaste punkta på lista var 11 månadars studiestøtte, klimakonkurransen for høgskulane og universiteta, og bygging av fleire studentboligar.

Høge forventningar

Leiar i Norsk studentorganisasjon (NSO), Marte Øien, fortel i ein tekstmelding til Studvest at dei ser fram til eit godt samarbeid med Asheim, og at dei ynskjer han lykke til vidare i eit viktig arbeid.

– Kva trur du Asheim kjem til å gjere for studentane?

– Asheim har tidlegare uttalt at det viktigaste er at alle har lik rett til utdanning og at det er viktig at studentar ikkje treng å vere avhengig av jobb eller støtte frå foreldre, skriv ho og fortset:

SPENT. Marte Øien, leiar i NSO, fortel at Nybø kjempa for studentane, og at dei forventer at Asheim tar stafettpinnen vidare. ARKIVFOTO: Beate Felde

– Skal det vere mulig er vi avhengig av å auke studiestøtta, noko Asheim har uttalt at han er einig med oss i.

Øien skriv vidare at dette gjer at NSO har store forventningar til å sjå ei auking i studiestøtta framover.

Positiv til utskiftning

Andreas Trohjell, leiar i Arbeidsutvalet ved Universitetet i Bergen (UiB), er positiv til utskiftinga.

– Asheim kjenner både studentbevegelsen og sektoren godt, og er også likt både hos partiet og hos oss.

Trohjell trur at Asheim kan ha større gjennomslagskraft i og med at han kjem frå det største regjeringspartiet.

– Det er nok ein fordel at det største partiet tar ansvar for feltet, seier han, og legg til:

– Nybø har lagt eit godt grunnlag. No er det Asheim sin tur til å dra det vidare.

GJENNOMSLAG. Andreas Trohjell trur at Asheim veit kva studentane er opptatt av. ARKIVFOTO: Silje Dahle
Powered by Labrador CMS