Ho er den nye nestleiaren i VT

Amalie Johnsen Lunde er den første frå NHH som nokon gong har hatt eit nestleiarverv i Velferdstinget. Det gjer ho historisk.

Publisert Sist oppdatert

Velferdstinget Vest

  • Er en sammensetning av studentdemokratiene til alle utdanningsinstitusjoner som er tilknyttet Sammen og har som mandat å fordele studentenes semesteravgift på 5,6 millioner kroner.
  • Velferdstinget jobber med studentpolitikk der politiske tema kan være psykisk helse, studentboliger, kantiner, helsestasjon for ungdom og kulturtilbud.
  • Styret i Velferdstinget kalles arbeidsutvalget og består av leder, nestleder og tre styremedlemmer.

Laurdag vart det holdt eit ekstraordinært val på møtet til Velferdstinget Vest. Etter at tidlegare nestleiar gjekk av i februar, skulle det no veljast ein ny til vervet.

Valkomitéen si innstilling landa på NHH-student Amalie Johnsen Lunde. Aldri før har ein student frå Norges Handelshøyskole (NHH) hatt eit nestleiarverv i Velferdstinget.

– Det er viktig at me på NHH også viser engasjement i sentrum, fortalde ho til Studvest før valet i går.

Klappa for nestleiaren

Det heile var ein kort affære. Henrik Waage Tjore tala som representant for valkomitéen. Han sa blant anna at inntrykket av Lunde var at ho er svært reflektert og engasjert, og at dei var veldig imponert.

Lunde vart valt til vervet ved akklamasjon kort tid etterpå. Det var ingen andre kandidatar som stilte til vervet.

– Dette er litt surrealistisk, eg trur ikkje det har gått opp for meg enda, fortel Lunde smilande etter valet.

VT-MØTE. Alle skulane underlagt Sammen er representerte på Velferdstinget sitt månedlege møte.

– Det er gøy å få tillit frå valkomitéen og Velferdstinget. No er eg mest klar til å berre setja i gong. Eg er klar for å byrja på måndag! smilar den nye nestleiaren.

Det viktigaste for Lunde i det vervet ho no har fått er å samarbeida på tvers av institusjonane. Ho drar spesielt fram betre kommunikasjon, slik at dei kan få betre debattar på møta:

– Me ynskjer alle mest mulig velferd til studentane våre, og difor er det ingen grunn til å ikkje samarbeida. Me kan lære av kvarandre nettopp fordi me har ulik kompetanse i ulike institusjonar.

– Kva er målet ditt?

GLAD. Mange kom bort til Amalie Johnsen Lunde etter at ho vart valt, for å ynskje ho lykke til i vervet.

– Det viktigaste for meg er å gjere ein god jobb, og å få til endå meir samarbeid med institusjonane, avsluttar Lunde.

Ho har vore Velferdstingsansvarleg for NHHS sidan januar. Ho fortel at det har vore ein innholdsrik periode. Før jul byrja ho å jobbe for å skapa meir engasjement frå NHH si side inn i resten av student-Bergen.

Studvest presiserer: Me har blitt gjort oppmerksom på at Martin Nilssen i 2016 vart vald som styremedlem i VT frå NHH. Det vil seie at Amalie Johnsen Lunde er den andre frå NHH som er valt inn i VT-styret.

Powered by Labrador CMS