Italiensk knockout frå Ruccola

Peder og Martins gastronomiske hjørne har tatt turen til Ruccola, og våre to matkritikere er mektig imponerte.

FULL POT. Ruccola blir første spisested til å få full pot i Peder og Martins gastronomiske hjørne. FOTO: KATI MAZAHAROVA
Publisert Sist oppdatert

Like ved Fløibanen står vi, og observerer små bilar som rullar over brusteinen. Med litt imaginær tuting, gestikulering, og ikkje minst svært mykje godvilje, kan vi seie vårt scenario ikkje er så alt for ulikt ein stereotypisk italiensk storby. Stemninga er sett for å smake på kva Ruccola har å by på.

Behagelege lukter, stemmer, lys, lydar, men mest av alt, ei atmosfære som seier «senk skuldrene og slapp av». Servitøren er blid og hyggeleg, noko som smittar medan vi set oss ned for å bla i menyen. Vi kan velje mellom alt ifrå vegetarlasagne til pizza, men på servitørens anbefaling bestiller vi Penne Al Forno Con Carne.

FOTO: KATI MAZAHAROVA

Innredninga på Ruccola er særs godt gjennomført. Stilen består av eksponert og olja treverk. Møbleringa er prega av smakfulle kontrastar, og plantene rundt oss gir oss eit organisk inntrykk. Servitøren kjem på bordet med noko brød og heimelaga urtesmør. Dette kan du med tryggleik smørje tjukt på, for allereie her introduserer Ruccola noko av sitt breie smaksspekter. Lista er lagt for kva vi kan forvente av hovudretten.

Usle 16 minutt og 8 sekund passerer frå bestilling til maten er på bordet. Presentasjonen er minst like vakker som eit haustmoteshow i Milano, og til og med Fibonacci hadde vore stolt over den enkle, men vakre komposisjonen. Det blir klart for oss kva vi faktisk har bestilt: Ein pastarett med champignon, oksekjøt, saus og ost, alt bakt i omn og servert gloheitt.

FOTO: KATI MAZAHAROVA

Maten er like god som han er vakker. Det møre, reinskorne oksekjøtet samspelar godt med pastaen, alt perfekt trekt i tomatsausen. Champignon, ost og urter utgjer ein ypperlig harmoni.

Men sjølv om dette er godt, er det kjende smakar. Det som verkeleg gjer at denne retten skil seg ut, er sausen. Som med urtesmøret viser Ruccola her noko av si store styrke; å introdusere smakar du ikkje heilt har smakt før, som hever og foreinar måltidet. Vi betalte 150 kroner, og sjølv om dette er i øvre prissjikt for ein del studentar, er det så absolutt å anbefale.

FOTO: KATI MAZAHAROVA

Vindusplassen vår er romantisk. Stemninga upåklageleg. Servicen glitrande og maten unik. Italiensk mat er ein av sjangrane der det er aller hardast konkurranse, og likevel kan vi knapt huske å ha smakt maken tidlegare. Ruccola er like lett å forelske seg i som The Italian Stallion, Rocky Balboa, men i motsetning til Rocky, gjer Ruccola total knockout i den tyngste vektklassa.

5/5

FOTO: KATI MAZAHAROVA
Powered by Labrador CMS