Apropos

Julas vakraste bodskap

Då eg forstod at det var heilt på ekte, kjende eg ein lun varme bre seg i brystet. Kontens glade bodskap hadde redda julefreden.

I trasige tider er det ei livbøye å ha fine ting å tenke på, skriv Martin Anda.
Publisert Sist oppdatert

Studvests aproposkalender luke 12: 
Apropos er den frie spalten der Studvest-journalistene kan skrive om akkurat det de vil. Språket er ofte i muntlig form, og med et glimt i øyet. OBS! Spalten har høy forekomst av satire, sarkasme og ironi, og bør tas med en klype (noen ganger en neve) salt.

Jula handlar om så mangt: familie, tradisjon, kapitalflyt, eller – om ein er geistleg av seg – om ein segnomspunnen esel-roadtrip for 2000 år sidan.

Det er mange vakre bodskap å velje mellom. 

Eit av dei vakraste lærte eg ikkje før eg blei student.

Det nærma seg mi første akademiske eksamensperiode. 

I ei grauttjukk tåke av kaffi, pensum og nervar var det vanskeleg å halde på håpet om julefred. Jamvel etter eksamen låg spørsmålet om stryk og gnog på sinnet. 

Ein meir erfaren medstudent hadde derimot sklidd gjennom heile eksamenstida som eit såpestykke av rein zen. Eg kunne ikkje forstå korleis. «Kvifor stresse?», sa han. «Eg må konte uansett».

Som regel nikkar eg forståingsfullt i møte med omgrep eg ikkje forstår for å halde oppe eit image som verdsvand intellektuell. No lét eg fasaden falle og slang ut eit oppfølgingsspørsmål, berre for å forsikre meg om at min zen-ven ikkje hadde fått slag. Eg hadde bladd i ei ordbok eller to før, og konte kunne umogleg vere eit ord. 

Jau då. Konte, kunne han fortelje, var studentslang for kontinuasjonseksamen. Ein promilletest av eit ord, men bak krøkkete uttale låg naudsynt trøyst. Gjekk det verkeleg an å prøve igjen neste semester? 

Det tok ei stund før eg trudde på det eg hadde høyrt. Då eg forstod at det var heilt på ekte, kjende eg ein lun varme bre seg i brystet. Kontens glade bodskap hadde redda julefreden. 

I trasige tider er det ei livbøye å ha fine ting å tenke på. Lovnaden om ein ny sjanse neste år er noko av det finaste eg kan tenkje meg. Alle feilprioriteringar frå haustsemesteret feiast under juleteppet, og konsekvensane utsettast til våren. Eg får ei tåre i kroken av det, men er usikker på om eg er letta eller lettrørt. 

Så om tvilen gneg på deg i jula, knekk deg ei nøtt, sleng beina på bordet og tenk på at det finst nåde for ein stakkar student. 

God jul, godt nyttår, snakkast på konten.

Powered by Labrador CMS