Kultur

– Vi har akkurat lik arbeidsmengde og gjer akkurat same jobb

Leiarane av Diskuterbar var i ein tilfeldig samtale med leiar på Ad Fontes. Honorar kom opp som tema, og skilnaden i summane dei fekk sjokkerte dei.

SAKNAR LIK PRAKSIS. – Det blir jo litt sånn at vi føler at universitetet verdsett den baren meir enn oss, fortel leiarane på Diskuterbar. Foto: Emily Dishington
Publisert Sist oppdatert

Som leiar og nestleiar ved studentbaren på Det samfunnsvitenskapelege fakultet (SV) ved Universitetet i Bergen (UiB) skulle leiar Karl Petter Fjelltveit og nestleiar Brage Jåsund få 7000 kroner til saman i honorar frå universitet.

UNDRAST. Brage Jåsund (t.v) og Karl Petter Fjelltveit undrast over skilnaden i honorar som blir gjeve. Foto: Emily Dishington

Ope på Sydneshaugen finst ein studentbar svært lik Diskuterbar, Ad Fontes. Dei fekk 17 gongar så mykje penger som takk for jobben dei gjer. 

No har honoraret til Diskuterbar blitt auka til 30.000 kroner, medan styret i Ad Fontes mottar omtrent 120 000 kroner. Det er fire gongar meir enn Diskuterbar.

– Det blir jo litt sånn at vi føler at universitetet verdsett den baren meir enn oss, sjølv om vi føler at vi sit og har akkurat lik arbeidsmengde og gjer akkurat same jobb, fortel Fjelltveit. 

Leiarduoen i Diskuterbar er fullt og heilt klar over at vervet deira er frivillig, og fortel at dei ikkje meldte seg på grunn av pengane. 

Dei meiner det er urettferden det står på, og dei undrast over fordelinga mellom fakulteta.

Meir fridom

Leiar i Ad Fontes, Trine Klyve, fortel at ho synast det er synd at barane ikkje får same tilbod.

– Eg blei sjokkert over at dei fekk så lite pengar for så mykje arbeid. Dei timane som går her er timar som ikkje går til skole, jobb eller andre ting.

Klyve fortel at ho er glad for at dei får den summen dei får på Ad Fontes. 

FRIDOM. Leiar på Ad Fontes, Trine Klyve, fortel at honoraret gjev fridom til å bruke meir tid på baren. Foto: Pedro Rendon

– Honoraret gjev fridom til å bruke meir tid på Ad Fontes. Du har kanskje nokon som ikkje treng å få seg jobb fordi dei har desse vervpengene som skal kome inn. 

– Riktig og viktig 

Då Fjelltveit og Jåsund fekk vite om skilnaden, gjekk dei til SV-leiinga med spørsmål om kvifor det var som det var. Dei hadde møte før påske, og førre veke kom beskjeden om at SV skulle auke honoraret til 30.000 kroner. 

Seniorrådgjevar på SV, Hilde Marie Rognås, fortel at honoraret tidlegare blei gjeve i tråd med dei andre mindre studentorganisasjonane ved fakultetet.

– Da var det ikkje gjeve kor stor verksemd baren skulle ha. Det er nå riktig og viktig at honoraret har blitt justert, for å vere meir i tråd med omfanget til vervet.

Rognås understrekar vidare at dette er frivillige organisasjonar, og at det ikkje er lønn det er snakk om. 

– Eit honorar er som ein slags anerkjenning av den tida du bruker på det frivillige vervet. Og så er det jo tydeleg at det litt ulikt kva ein meiner er nivået til den anerkjenninga.

Rognås presiserer også ein skilnad mellom Ad Fontes og Diskuterbar.

– Diskuterbar er ein eigen organisasjon parallelt med Studentutvalet ved SV, medan Ad Fontes er organisert under Humantisk Studentutval. 

For å motivere

Diskuterbar får dermed honorarpengane direkte frå fakultetet, medan Ad Fontes får pengane frå Humanistisk Studentutval (HSU).

Eit honorar er som ein slags anerkjenning av den tida du bruker på det frivillige vervet. Og så er det jo tydeleg at det litt ulikt kva ein meiner er nivået til den anerkjenninga.

Underdirektør ved Humanistisk Fakultet, Susanne Ostendorf, fortel at det er HSU som disponerar midlane dei får fra fakultetet.

– Den interne disponeringa blandar vi oss ikkje i, men vi støtter studentaktivitet og ønskjer å motivere til dette. Ad Fontes er ein kjempearena for slik aktivitet, og det er spesielt viktig etter to år med pandemi.

Ostendorf fortel at HF har ønskt å motivere og honorere for innsatsen studentane legg ned. 

SATSAR. Underdirektør på HF-fakultetet, Susanne Ostendorf fortel at HF satsar på studentaktivitet. Foto: UiB

Leiar i HSU, Lea Fabri, fortel at det er fordi fakultet har gitt HSU ein såpass stor pott, at dei har moglegheit til å dele ut dei summane som dei kan. I likskap med Ostendorf, peiker Fabri på satsninga HF har gjort.

– HF har virkelig satsa på studentaktivitet, og Ad Fontes har såpass mykje aktivitet som gjeld alle studentane. 

Klyve er også styremedlem i HSU, noko ho trur har hjelpt Ad Fontes. 

Mindre penger til drift?

Seniorrådgjevar Rognås ved SV er skeptisk til fordelinga av midlar på HF. 

– Vi ønskjer at pengane skal gå til drift i organisasjonar i størst mogleg grad. Du kan jo seie at om ein gjev meir pengar til honorar, så har ein mindre pengar til drift. 

Fabli på sida si avviser dette, og fortel at driftspengar og honorarpengar vert halden åtskild frå kvarandre i HSU.

– Honorarpengane får HSU frå fakultetet, og desse fordelast til dei ulike underorganisasjonane. Det er derimot omsetnjinga til Ad Fontes som går til drifta av baren. 

Saknar ein felles meining

Rognås saknar ein felles meining frå UiB, og påpek at det er ulikskapen som skapar denne konflikten.

– Det virker ikkje som det er nokon einighet i sektoren på korleis dette skal vere. Det tenker eg er noko som burde gå ann å ta opp, og diskutere om vi burde ha ein likare praksis.

Ostendorf ved HF på sida si trur ikkje ein felles ordning vil vere heilt uproblematisk, og meiner at honorarordningane burde sjåast i eit lokalt perspektiv. 

– Dette er for å sikre prioriteringsmoglegheit og handlingsrom for HSU. Vi ser på studentane våres og har som mål å skape eit godt fellesskap her. 

Ingen planar

UiB er øvste instans over begge fakulteta. Dei er gjort oppmerksam på skilnadene, og Universitetsdirektør Robert Rastad svarer følgjande i e-post til Studvest:

– Både rektor og eg er glade for at det er mykje og variert studentfrivillighet ved UiB. Universitetsledelsen har ingen planar om å lage felles retningslinjer for UiB som skal styre aktivitet eller honorering rundt frivillige studentverv ved fakulteta.

FELLES PRAKSIS? Burde det vere felles praksis for korleis barleiarane skal honorerast på Diskuterbar og Ad Fontes? Foto: Emily Dishington
Powered by Labrador CMS