Bacheloroppgåva er berre ei forvaksen semesteroppgåve

Vi bør ofre nokre frie studiepoeng for å få betre øving til master.

Illustrasjon: Malene Næss
Publisert Sist oppdatert

Dette er en kommentar. Kommentaren gir uttrykk for journalisten sine egne meninger.

Kan dagens bacheloroppgåve saman- liknast med ei masteroppgåve?

Nei.

Sjølv fekk eg høyre at «dette er god øving til masteroppgåva» av rettleiar. Eg er ikkje einig.

Ei bacheloroppgåve er i dag på mellom 10 til 20 studiepoeng hjå Universitetet i Bergen (UiB). I mitt tilfelle var ho på 15 studiepoeng og hadde eit omfang på maks 5000 ord. Masteren på mitt studium er 60 studiepoeng og har eit omfang på 70 til 110 sider.

Det er riktignok slik at me skal velje ut alt av pensumlitteratur og utforme problemstilling på eiga hand, til liks med ei masteroppgåve. Men der stoppar òg likskapen.

Mitt problem med påstanden om at bacheloroppgåva er ei god øving til masteroppgåva er at dei ikkje liknar kvarandre i omfang. Bacheloroppgåva mi er meir lik semesteroppgåvå i ex.fac. enn ho er ein master. Også der valde eg pensum og problemstilling sjølv.

Bacheloroppgåva er det viktigaste akademiske arbeidet eg har gjort til no, men det er eit arbeid som, banalt sett, kan samanliknast med ei kva som helst semesteroppgåve i omfang. Og for enkelte er denne oppgåva avslutninga på all utdanning dei vil ta – ei fullverdig ei, òg.

Min plan er å ta master, men eg kjenner meg ikkje godt nok rusta til å skrive ei masteroppgåve no. Dersom bacheloroppgåva var eit større emne hadde eg vore det. Og det er ikkje den einaste fordelen med å utvide ho.

Eg tykkjer bacheloroppgåva burde vere på 30 studiepoeng, og at arbeidsmengda bør vere tilsvarande. Då har me berre eitt emne å fokusere på det semesteret. Høgare krav til lengda på oppgåva høyrer då med, og ordkravet kan godt doblast.

Då får me fordjupe oss enno meir i eit sjølvvald tema. Eit tema som me interesserer oss for. Dette vil gjere oss meir rusta til masteren. Det kan dessutan og luke ut dei som ikkje burde ta master.

Det vil òg sjå bra ut for ein arbeidsgivar at ein har fordjupa seg såpass i eitt emne i løpet av studiet. Det blir tydelegare at dette er ei avsluttande oppgåve i bachelorgrada, og vil vere noko som peikar seg ut frå dei andre emnene.

Samstundes vil eg måtte ofra noko. Mellom anna moglegheita til å anten ta to semester med utveksling, eller studere noko som ikkje har direkte samanheng med grada mi å gjere. For å få breidde og internasjonal erfaring. Det vil òg gå ut over det obligatoriske teori-emnet som ligg på same semester i utdanningsplanen. Eg skulle gjerne ønskje at eg tok det emnet før eg skreiv oppgåva – det emnet fekk nemleg ufortent lite av mi merksemd.

I tillegg vil det gje meir arbeid til rettleiarar og sensorar som må setje karakter på eit meir omfattande arbeid.

Dette kan eg leve med, og ulempene veg ikkje tungt nok til at dei får meg til å ombestemme meg.

Derfor meiner eg disse endringane er noko som bør vurderast, om ikkje innførast, snarast. Vi bør ofre nokre frie studiepoeng for å få betre øving til master.

Vil du få din mening på trykk i Studvest?
  • Send innlegget ditt på e-post til ansvarligredaktor@studvest.no.
  • Typiske innlegg er rundt 500 ord.
  • Lengre innlegg kan vurderes i noen tilfeller. Vi tar oss retten til å forkorte og redigere innlegg.
  • Vi trykker ikke innlegg som har vært publisert i andre aviser, fremstår som reklame eller som er hatske og trakasserende.
  • Legg ved et portrettbilde av deg selv.
Powered by Labrador CMS