Står det eigentleg så dårlig til på lærarutdanninga? 

Ifølge Studiebarometeret er lærarstudentene mindre nøgde enn andre studentar. Men det betyr ikkje at dei ikkje er nøgde. 

Publisert Sist oppdatert

Dette er en kommentar. Kommentaren gir uttrykk for journalistens egne meninger.


I desse dagar blir det meldt frå fleire hald at lærarutdanninga er i krise. Talet på søkjarar til lærarutdanningane går ned. I tillegg har vi lærarstreiken i 2022 som resulterte i tvungen lønnsnemd og stadig fleire lærarar som søker seg til andre yrker. 

Det ser mørkt ut for læraryrket, og skal vi tru Studiebarometeret er det nettopp lærarstudentene som er minst nøgde med utdanninga her i landet. 

Men er det verkeleg så krise på lærarstudia? 

Her i Bergen har vi tre institusjonar som utdannar lærarar. NLA Høgskolen og Høgskulen på Vestlandet (HVL) tilbyr grunnskulelærarutdanning, medan Universitetet i Bergen (UiB) har lektorutdanning og PPU (praktisk-pedagogisk utdanning). Alle desse, med unntak av PPU, er femårige masterutdanningar. Studiebarometeret viser at dei hamnar nedst på lista over nøgde studentar. 

På påstanden «Jeg er, alt i alt, tilfreds med studieprogrammet jeg går på» svarar studentane på lærarutdanningane i Bergen mellom 3,3 og 3,6 der 1 er heilt ueinig og 5 er heilt einig. Til samanlikning svarar bachelorstudentane i økonomi ved NHH 4,3, medan både juss- og og medisinstudentane ved UiB svarar 4,1. Det er med andre ord ein tilsynelatende klar skilnad mellom lærarstudentane og studentane på dei mer «profilerte» studia. 

Men kva seier desse tala? 

På ein skala fra 1 til 5 er midtpunktet 3. Lærarstudentane er altså i gjennomsnitt over middels nøgde. Dette kjem ikkje fram i nyheitssakene. 

Lærarutdanningane scorar kanskje lågast, men det er ikkje krise av den grunn. Svartmalinga ein kan lese i ulike kanalar ville passa betre om resultata var på den andre sida av 3-tallet. 

Likevel ser vi ein klar nedgang på UiB og NLA frå 2020, medan HVL klarte å snu trenden og har gått opp frå i fjor. Når lektorprogrammet ved UiB skal renoverast kan det bli spennande å sjå om ikkje trenden snur der òg. 

Spørsmålet er heller hva tala frå Studiebarometeret ikkje seier. 

Av lærarstudentane som blei spurt var det langt under 50 prosent som svarte på undersøkinga. Den einaste lærarutdanninga som hadde ein svarprosent over 40 var lektorutdanninga i sosiologi, med sine 44 prosent. Det vil seie at 20 studentar har svart.

Det er ikkje snakk om eit breitt talgrunnlag her, men eit lite utval av studentar som av ulike grunnar har valt å ikkje ignorere spørjeskjemaet. Dei fleste andre utdanningsprogram har heller ikkje særleg høge respondenttal. 

At vi skal legge så mykje vekt på ei undersøking med så dårleg talgrunnlag, er utvilsamt ei fallgruve. 

For at Studiebarometeret skal ha ein verdi, må dei som skriv saker om det gå litt djupare inn i tala. Det er interessant å sjå kva lektorutdanningane på UiB og UiO er samde og usamde om, som til dømes undervisningskvalitet og praksis. Det er òg interessant å sjå kva studentar som nyttar mest tid til studiearbeid. Det er ikkje like nyttig å samanlikne kven som er mest tilfreds, og rangere dei deretter. 

Lærarutdanningane scorar lågast, men kva dette faktisk inneber veit vi ikkje før vi faktisk snakkar med studentane. 

Vi har fått ei svartmaling av stoda på lærarutdanningane, men la oss heller fokusere på det positive! Saker om at filosofistudentane er meir nøgd enn lektorstudentane er ikkje eit nederlag for lærarutdanninga, men ein distraksjon frå at dei fleste norske studentar trass alt er over middels nøgd med studietilbodet sitt. 

Så kan vi heller ha konstruktive diskusjoner om dei konkrete problema som dukkar opp på lærarstudiet når det er tid for det. 

Powered by Labrador CMS