Koronaviruset: Kan bli fleire heimeeksamenar

Forskings- og høgare utdanningsminister, Henrik Asheim (H), ber universiteta og høgskulane om å vurdere alternative eksamensformer. Dette kan bety fleire heimeeksamenar.

ARKIVFOTO: Adrian Grindbakken
Publisert Sist oppdatert

Saka blir oppdatert.

I Bergen er det cirka 30.000 studentar. Når samtlege skal ha eksamen, er det mykje logistikk som skal klaffa. Ei av dei vanlegaste eksamensformene er å samla fleire emner og studium saman i ein gymsal.

Grunna koronaviruset og smittefaren det medfører, kan dette no endras.

Måndag kveld melde Aftenposten at forskings- og høgare utdanningsminister, Henrik Asheim (H), ba universiteta planleggje for alternative eksamensformer.

Han fortalde til Aftenposten at lærestadene allereie no må byrje å planleggje for at koronaviruset kan føre til ein ekstraordinær eksamenssituasjon.

– Det er viktig at studentane får avlagt eksamen, slik at dei ikkje blir forseinka i utdanninga si, uttalte Asheim til Aftenposten.

Fleire heimeeksamen

Vidare fortel Asheim til Aftenposten at ein no bør ta høyde for at det ikkje blir tradisjonelle eksamensformer, slik som å samle mange studentar saman i ein gymsal.

– Eit alternativ kan vere heimeeksamen som mange studiestader bruker i dag. Ein kan også tenkje seg at muntleg eksamen blir holdt via Skype, seier statsråden som dømer på kva som må vurderast.

Det er berre veker til dei første eksamenane byrjar.

– Difor sender me tysdag eit brev til alle landet sine høgskular og universitet kor me skisserer ulike scenario for å få avlagt eksamen, seier Asheim til Aftenposten.

Powered by Labrador CMS