HF-revyen er god

«Cogito, ergo Hva Faen» er både smart og underhaldande, men manglar litt edge.

KORET: Kven er dei eigentleg?
Publisert Sist oppdatert

«Cogito ergo hva faen?» HF-revyen 2024

På scenen: Ole Kristian Ugulen, Jonas Tveite, Helene Anisdahl, Håvard Høier Sandvik, Mali Strømmen Bakken, Jenny Abrahamsen og Kim Haugen.

Revysjef: Ingeborg Nilsen Vatle

Regi:  Adrian Magnus Øybø

Humanistisk fakultet (HF) er endeleg tilbake med revy, for første gong sidan 2018. Det er altså ein heil generasjon med humanistar som har studert på Sydneshaugen og levert masteroppgåve utan å oppleve revyen. Naturlegvis gjekk eg inn i Storelogen på Kvarteret med uklare forventingar. Er den seks år lange pausen eit teikn på at HF kanskje ikkje burde ha ein revy, eller er dei tilbake sterkare enn nokon gong?

Det viser seg at HF-revyen absolutt har livets rett. Den leverer godt på humoren og skodespelarane er karismatiske og sjarmerande. Musikken er god, og bandet skal ha skryt for spelet både under og mellom scenane. Den er godt skrive, og dei aller fleste vitsane landar akkurat som dei skal og stoppar akkurat der dei bør. Revyen held høg kvalitet gjennom heile framsyninga, men er noko sterkare i andre halvdel.

Eksistensiell krise 

Revyen opnar med eit synge- og dansenummer til låta «Dance the Night» av Dua Lipa, best kjent frå fjorårets storfilm «Barbie», men teksten er skrive om til å handle om HF. Omskrivinga funkar veldig godt, og blir ein gjengangar framover i revyen. Scena avsluttar, nett som i Barbiefilmen, med at hovudpersonen blir eksistensiell. Her blir revyens hovudtema introdusert: «Kva skal ein eigentleg finne på etter ein er ferdig på HF?». Vi følgjer den eksistensielle krisa til hovudpersonen når ho skal finne ut kven ho er, kvifor ho går på HF, kva ho skal gjere med livet sitt og så vidare.

Revyen er elles skarp, morosam og godt skrive.

Morten Petterteig

Scenane som følgjer hovudhandlinga er definitivt det beste med revyen. Hovudpersonen møter «koret», ei gruppe kappekledde humanistar som bidreg til å styrke den eksistensielle krisa. Om «koret» er HF-studentar, gjenferd eller hallusinasjonar forblir eit ope spørsmål. Ho klarar til slutt å rive seg vekk frå dei, og går ut for å finne svara ho leiter etter.

I tillegg til hovudhandlinga, er det ei rekke andre sketsjar med ulik tematikk. Dei fleste av dei dreier seg om studentliv, både generelt og på HF, men nokre er tilsynelatande ikkje relatert i det heile. Her ligg eit av revyen sine hovudproblem: dess lenger handlinga er frå HF, dess mindre føler eg den er meiningsfull og treffande.

Ikkje alltid om HF

Desse andre sketsjane er for det meste enkeltståande, med unntak av dei om Bergen kommune sitt rotteproblem. Dei var nok mykje løgnare då dei blei skrive, då rotteproblemet var i vinden. Handlinga er relevant for HF fordi byrådet rekrutterte to HF-studentar til å hjelpe med rotteutryddinga, men relevansen stoppar også der. Rottehandlinga går gradvis over til å handle meir om rottene som blir forfølgd. Her kunne revyen fort blitt politisk, men det blir den altså ikkje. Forteljinga går over til å bli romantisk, då vi blir kjend med eit rottepar som forelskar seg. Det heile endar med at dei giftar seg, og presten erklærer dei for «rottegift». Ordspelet fell i smak, men er den verdt all oppbygginga? Trur ikkje det.

Blant dei andre sketsjane er det eit rekrutteringskurs frå Norsk Luftambulanse, ein HVL-student si spirituelle ferd til Sydneshaugen, HF-revyen som knabbar idear som ikkje er gode nok for Jussen, og eit par lektorsketsjar. I tillegg var det ein om HF-studentar som organiserer Mario Kart Live Action Role Playing (LARP). Scena er med å teikne HF-studenten som eksentrisk, nerdete og merkeleg. I det større biletet passar denne scena inn, men utføringa er noko rotete. Mykje av humoren er av typen «dette er ein referanse til eit spel du har høyrt om», og publikum blir tilfreds av å vere med på vitsen. Eg, derimot, meiner det blir for billeg.

Reflektert, men svir ikkje der det skal

HF-revyen taklar eksistensielle spørsmål som alle humaniorastudentar slit med å finne svaret på. HF-studenten blir presentert som eit overtenkande vesen, som ikkje kan svare på eit spørsmål utan å stille to nye. Løysinga er å gi litt meir faen. Om ein skrur av hjernen litt, blir livet eit par hakk betre. Bodskapet er eit treffande stikk til HF.

Elles saknar eg eit breiare bilete av HF. Det er for det meste filosofi som blir brukt som døme og referanse i revyen. Store og små fag, som framandspråk, lingvistikk, litteraturfaga og historie er heilt fråverande frå scena. Lektorane, derimot, dukkar opp fleire stader. Lektorhumor er vel og bra, men ikkje akkurat unikt for HF.

I tillegg kunne revyen vore tent med litt meir «edge». Sjovet kunne til fordel laga meir humor på andre sin bekostning. Det er eit par stikk til Ad fontes, som har servert øl utan skjenkebevilling, men ingen av desse hadde særleg brodd. Dei einaste som verkeleg fekk høyre det var praksiskontoret for lektorutdanninga, som held til på psykologisk fakultet. Eg trur det handlar om vilje, og ikkje evne, for revyen er elles skarp, morosam og godt skrive.

HF-revyen 2024 er, som HF sjølv, full av sjølvransaking og grubling over meininga med livet, men den manglar det humaniora kanskje er best på, nemleg kritikk. Framsyninga får med seg essensen av HF, men klarar ikkje få fram den store faglege breidda som er fakultetet si styrke. Misforstå meg rett: Revyen er eit gjennomført produkt med høg kvalitet. Det er inga tvil om at dette var ei god oppleving.

Eg gler meg veldig til neste revy, og håpar det ikkje blir seks år til.

HF-revyen 2024 får ein sterk C av meg

 

Powered by Labrador CMS