Kjeder du deg? Les disse

Her er bøker du kan gøyme deg vekk med når du er lei av å svare på spørsmålet «Kva er det eigentleg du studerer?» eller «Kva skal du bruke det til?».

BOKBAD: Du slepp å lese disse, altså
Publisert Sist oppdatert

Faen, faen, faen av Linn Strømsborg

Når Linn Strømsborg kjem med ny bok, må eg ha ho med ein gong. Eg bryr meg ikkje om kor lite pengar eg har, eg skal ha ho. Og “Faen, faen, faen” skuffa ikkje. 

Eg slukte boka i løpet av to dagar. Då eg var ferdig å lese, sat eg igjen med mange kjensler. Eg kjende meg mest tom - den kjensla når du har lese eit altoppslukande bok og ho tek slutt. 

Hovudkarakteren, Britt, er sint. På alt og alle, heile tida. Ho meiner ho har eit heilt forferdeleg liv og at alle har det så mykje betre enn ho. Boka starter med at ho eksploderer av sinne på ferie og stikk av. Dei som er igjen veit ikkje kvar ho er og får ikkje tak i ho. Heile boka går fram og tilbake mellom notid og fortid, medan Britt reflekterer over livet sitt. 

Strømsborg skriv poetisk, men brutalt om Britt og menneska ho har rundt seg. Ho skildrar menneske, i all sin råskap, som gjer at dei fleste vil meine noko om, og kjenne seg igjen i fleire av karakterane. Eg har mine klare meiningar i alle fall.

Britt er det mennesket eg absolutt ikkje vil bli.

En lidenskap av Annie Ernaux

Med sine 84 sider er dette den kortaste romanen i denne anbefalinga, men definitivt den med størst slagkraft.

Ernaux skildrar ei affære ho hadde med ein gift mann i Paris. Ho skildrar lidenskapen, angsten og saknet ho opplever når dei ikkje er saman og korleis ho endrar seg for å tilpasse seg han.

Dette er så langt min favoritt frå forfattarskapet til Ernaux. Skildringane hennar er vonde. 

Eg kjenner meg ukomfortabelt mykje igjen i enkelte av dei.

Men dei er óg vakre. Å setje ord på ei slik lidenskap er ikkje enkelt, men Ernaux klarer det skremmande godt.

Denne boka er for dei som har vore, eller er, i eit altoppslukande forhold. Alle, med andre ord.

Diskomus på venteværelset av Kamilla Danielsen

Eivor er 34 år og har tilsynelatande gitt opp på livet. Ho har eit ubetydeleg liv og ein ubetydeleg jobb. Ho bur i ein leilighet som venninna hennar kalla «venteværelset» - ein stad ho oppheld seg medan ho ventar på at «det eigentlege livet» skal starte.

Eg fekk eit skikkelig dårleg førsteinntrykk av Eivor. I første kapittel tek ho bussen til ei venninne. På bussen skjeller ho ut eit kjærastepar som sit i nærleiken. Ho meiner ho har svaret på problema deira og berre må fortelje dei det. Det likar dei ikkje. Det gjer ikkje eg heller.

Litt pessimistisk held eg fram med å lese. Eivor veks på meg. Ho gjer rare ting - som å ta ut to laksefiletar frå ein økonomipakke på Rema 1000 og legg dei i jakkelomma. Riktignok utan å betale for dei. Men ho begynner òg å gjere ein innsats mot dette «eigentlege livet» gjennom å gå på Tinder-stevnemøte.

Kamilla Danielsen skiftar mellom romanform og lyrikk på passande stader. Ho skildrar Eivor si sårbarheit på ein god måte som gjer at eg kan kjenne meg att i Eivor. 

Life Ceremony av Sayaka Murata

Denne novellesamlinga var ekkel på ein vakker måte. Novellene er søte, sjokkerande og fulle av fantasi.

Murata skriv på ein humoristisk og poetisk måte om hendingar som får huda til å vrenge seg og håra til å stå. Ho snur opp ned på tradisjonar og normer i samfunnet, og på denne måten stiller spørsmål rundt praksisen og normaliseringa av han. Ho stiller i tillegg spørsmål om det å vere menneske i dag. 

Det er mykje i novellene som er ope for tolking, men nokre er beint fram krystallklart. Og ekkelt. Som den første novella som opner med tre venninner som sit på kafe der ei har fått seg ny gensar av ekte menneskehår. Å gjenbruke døydde menneske til ting (møblar, klede, pynt og liknande) er nemleg normalt.

 For ordens skuld: Amalie Røstbø har ei deltidsstilling som seljar i bokhandelen Norli. Alle bøkene finst i øvrige bokhandlar.

Powered by Labrador CMS