Nokre av desse orda burde vore kriminelle å bruke

Skrivekunstakademiet slepp sin årlege antologi. Studvest sin anmeldar er ikkje heilt overtydd.

Publisert

Skrivekunstakademiet held til på Verftet og har sidan 1985 vore med å skape forfattarar som mellom anna Agnes Ravatn og Karl Ove Knausgård. Kvart år gir dei ut ein antologi med studenttekstar.

Årets utgåve har tittelen Brakkvann. Den er om lag 130 sider lang, og er sett saman av tekstar frå elleve studentar, med føreord av akademileiar Sivert N. Nesbø. Antologien består av tekstar i ulike sjangrar og språk, med alt frå romanutdrag til dikt, på nynorsk, bokmål og dansk. Resultatet er ei tekstsamling med veldig ulike bidrag.

Litt vel sjølvhøgtideleg

Mykje av det som blir skrive her, tar seg sjølv ganske høgtideleg. Denne sjølvhøgtidelegheita kjem ofte fram i språket. Ofte finn vi ord, setningar og formuleringar som er heilt fjerne frå daglegspråket. Forfattarspirene skriv som forfattarspirer, ikkje som forfattarar. Dette er eit større problem for prosaen enn for poesien. Den største synda i språket her er definitivt anglisismane. Litteraturen har ein fridom til å leike med ord og formuleringar, men òg eit ansvar for å gjere dette skikkeleg. At dei nytta ordet «purgatoriet», der det kunne stått det flotte norske ordet «skjærselden» burde vore kriminelt. Her burde dei hatt ein streng redaktør, som kan dra dei litt ned på jorda igjen.

Tematikken i antologien er ofte seriøs eller reflekterande, og sjeldan finn vi noko som er morosamt med vilje. Den teksten som tydlegast er humoristisk, «Drømmeknuseriet ASA» av Tobias Trane Tellefsen, fell saman i andre halvdel, nettopp fordi humor er vanskeleg å skrive. Første halvdel ser ut som oppbygginga til noko skarpt og samfunnskritisk, men det heile fell flatt mellom idéleik og humor i andre halvdel. At dette gjekk som det gjekk, er kanskje ei forklaring på at dei andre forfattarane har meir «seriøse» stilar og tematikkar. All honnør til Tellefsen for forsøket, men eg skulle ønske det var fleire som prøvde seg. 

Dikta er sterkast

Antologien er på sitt sterkaste i lyrikken. Diverre er det veldig utfordrande å seie noko interessant om dikt, utan å gå i djupna i tekstane. Antologien byr på heile fem dikt i ulike storleikar. Blant desse vil eg trekke fram Vilde Steenfeldt Foss og Agnes Onshus Grønn sine dikt. Førstnemnde skriv godt og nyttar gode symbol, medan sistnemnde er ein god forteljar med diktet sitt. Sjeldan får eit dikt meg til å kjenne så klare kjensler som dette. Om du er interessert i dikt er det verdt å plukke opp antologien berre for poesien.

Det som er påfallande med dikta i antologien er at fire av fem er skrive av kvinner. Dette kan til dels forklarast med at berre fire av dei elleve forfattarane er menn. Den eine mannen som har skrive dikt har skrive prosa i tillegg, og kjem med det desidert kortaste diktet, på berre tre verselinjer. Det er ikkje eit dårleg dikt av den grunn, tvert imot. Men det viser at i denne antologien er lyrikken kvinna sitt domene. Diktet hans er med på å bekrefte det eg allereie trudde om mannlege forfattarar, nemleg at dei stort sett skriv om to ting: Kjærleik og menn som tenker på ting. Dette finn vi att i prosaen.

Oppblåst prosa

Brorparten av antologien er prosatekstar av ymse kvalitet. Eg vil trekke fram eit par av dei. To av dei handlar om forelska menn, «Anna» av Leif Henrik Hoøen er ein litt for lite subtil forteljing om ein ulukkeleg forelska hovudperson som blir valt vekk til fordel for ein annan, og den andre teksten er eit romanutdrag av Magnus Wold som er godt skrive, men som ikkje står seg åleine som eit utdrag.

«Mannen», av Oda Alexandra Strandberg Sporsheim, startar opp som eit godt stykke kritikk, men mistar all brodd når den går over i overdrivande skildringar av ein heilgrilla okse. Slik som det meste av prosaen i antologien, er språket noko oppblåst med unaturlege ord og vendingar. “Jeg entret toalettavlukket”, er eit slikt døme. 

Elles finn vi «Tonar i Røyk», ei forteljing av Mathias Teigen Refsnes om ein tenkande eg-person som vandrar rundt på Bergen Storsenter. Teksten er full av gode observasjonar, men blir til slutt litt kjedeleg. Det kan vere dette var poenget, men det burde ein i så fall klare å få fram utan å kjede lesaren. Forteljinga blir redda i avslutninga, der kontrasten mellom kjøpesenterhelvetet og klosteret treff godt. 

Resten av prosaen er god, men litt vel abstrakt for ein vanleg lesar. Ein kan påstå at dette er eit uttrykk for den nye litteraturen, men eg er ikkje overbevist. Dette er ein gjengangar gjennom heile antologien. 

Trass oppblåst språk og tekstar som er noko utilgjengelege, er dette ei interessant samling av tekstar som er verdt å sjekke ut. Antologien byr på eit innblikk i det som godt kan bli nordisk litteratur si framtid. Eg heiar på dei.

For ordens skuld: Ein av forfattarane i antologien er frivillig journalist i Studvest.

Powered by Labrador CMS