Speed dating på KMD?

Formbar er ny studentbar på Fakultet for kunst, musikk, design.

FORMBAR: Den nye studentbaren på KMD opna 7.mai. Frå venstre: Judith Dyngeland, Klara Ferm og Hedda Halvorsen.
Publisert Sist oppdatert

Det begynte med eit emne, eit felleskurs, Hedda Halvorsen, Klara Ferm og Judith Dyngeland tek dette semesteret. I emnet skal dei jobbe saman om temaet «from solo to solidarity».

– Det handlar om å komme saman. Når vi jobbar med masterprosjekta våre er vi veldig åleine, men her handla det om å danne eit fellesskap, fortel Dyngeland.

Dyngeland fortel at dei ønskte at studentar og tilsette skulle få ein stad dei kunne samlast når som helst, som var på fakultetet. Å finne ut kvar baren skulle vere var ikkje vanskeleg.

Mellom biblioteket og kantina var det nemleg eit lite brukt sitjeområde, som dei tykte var godt eigna til formålet. Då rulla prosjektet avgårde.

UBRUKT POTENSIALE: Gruppa har jobba hardt med å gjere om området til ny studentbar.

Positive tilbakemeldingar

– Vi tok kontakt med administrasjonen på fakultetet, KSU (Kunstnerisk studentutvalg) og Sammen, som har vore veldig imøtekommande. KSU har hjelpt til med pengar og administrasjonen med løyver og liknande. Sammen har hjelpt med tips til korleis drive, seier Dyngeland.

INNBYDANDE: Fargepalettet i baren er blått, raudt og rosa.

– Vi har også vore rundt å intervjua andre studentbarar, som Diskuterbar, Ad Fontes og Programmerbar. Det var ein fin prosess der vi fekk hjelp til ting som handlar om å starte opp studentbar, seier Halvorsen.

Ho legg til:

– Vi visste jo ingenting om korleis opne bar.

Gjenbruk

Etter lokalet var på plass gjekk dei i gong med interiøret. Klara Ferm og Marie Viole Fjelde hadde ansvaret for det. 

– Vi starta med å besøkje UiB sitt møbellager for å sjå kva dei hadde å tilby. Vi forsikra oss om at vi fekk lov å måle, og tok med oss nokre bord og gamle skuffer som vi bygde om til benker, tavle og barbenk, seier Ferm.

Nesten alt av interiøret er gjenbruk. Plantene har dei kjøpt nye av, utanom Monsteraen - den kjøpte dei på Finn.no.

– Interiøret skal vere koselig og inviterande, legg Halvorsen til. 

Ny vert kvar månad

Halvorsen, Ferm og Dyngeland, saman med Franka Cläre Pohl, Marie Viole Fjelde, Ingebjørg Nyhammer og Carolina Incerti, utgjer gruppa som jobbar med baren. 

Planen er at heile fakultetet skal vere med å drive baren i første omgong. Ansvaret vil gå på rundgang mellom dei forskjellige klassane med ein månad om gongen.

– Då kan kvar klasse lage eigne arrangement som dei ønskjer å ha i baren, fortel Dyngeland.

SOSIAL MØTESTAD: Gruppa sakna ein stad å møtast for å henge på KMD.

Føreløpig har dei ikkje noko fastsette opningstider, berre arrangement, men lokala er opne for at folk kan setje seg ned. 

Sidan baren ikkje har faste opningstider, har dei ikkje søkt om permanent skjenkeløyve. Dyngeland seier imidlertid at det er planen på sikt. No søkjer dei om løyve for kvart arrangement.

– Kjem de til å søkja om skjenkeløyve ute?

– Det hadde vore ideelt då vi har dører som vi kan skyve ut og opne opp, men rekner med at det er strengar krav til det, seier Halvorsen.  

– Eg trur også det høyrer til kafeen, legg Dyngeland til.

LANG LEVETID: Trioen ser lyst på framtida til Formbar og jobbar for å leggje eit godt grunnlag for drifta.

Speed dating

Gruppa ønskte tips frå medstudentar om kva arrangement dei kan ha, både med og utan alkohol, og sette opp eit tips-boks. Då rann det inn.

Mellom anna strikkekafé, felles bakeri, lesegrupper og speed dating.

– Skal ikkje sjå vekk ifrå at vi må ha ei skjenkeløyve til det, seier Dyngeland medan dei andre ler. 

Ho held fram:

– Alle desse arrangementa er mogeleg for kvar klasse å arrangere.

Powered by Labrador CMS