– Tenk om vi går glipp av livet berre fordi vi studerer

Sarah Zahid om ytringsfridomskommisjonen, kanselleringskulturen og studenter si mentale helse. 

RASISMEPARAGRAFAR: Masteroppgåva til Zahid handlar om ulike rasismeparagrafar.
RASISMEPARAGRAFAR: Masteroppgåva til Zahid handlar om ulike rasismeparagrafar.
Publisert Sist oppdatert

– Kva meiner du er den største trugselen til ytringsfridomen i dag?

– Det er eit vanskeleg spørsmål. Eg trur det er fleire ting, men først og fremst kanselleringskultur.

– På kva måte?

– At ein risikerer å bli kansellert dersom ein seier noko som er upopulært. Det gjeld både på høgre- og venstresida. 

Sarah Zahid er poet, debattant og jus-student på Universitetet i Bergen (UiB). Ho var også det yngste medlemmet i ytringsfridomskommisjonen

Zahid fryktar også anonyme forum, eller ekkokammer som ho kallar dei, som 4chan og Jodel. Kor langt skal det kunne gå når ein hetsar anonymt? 

Ho meiner ein kan sjå at foruma blir brukt til radikalisering og spør seg kor mykje av det vi kan tillate. 

– Skal ein få lov til å gå i nazi-uniform i Bergen sentrum, så lenge ein ikkje brukar vald? Kor mykje kan ein seia utan at det er direkte hatefullt? Eg tykkjer det er betenkeleg, men ytringsfridomen skal gå ganske langt, og ein kan komme unna med ganske mykje.

BBB

Bergens beste bakverk: Kardemommebollene på Godt brød

Bergens beste kaffebar: Fjåk og Cafe Opera har den beste kakaoen.

Bergens beste bydel: Bergenhus, men skal sies at eg er lite utanfor sentrum.

Bergens beste business: Handala, palestinabutikken i Bergen. Utan tvil. 

Bergens beste begivenhet: Bergen Litfest!

PAKKIS: Zahid og venninnene har interne kallenamn på kvarandre.
PAKKIS: Zahid og venninnene har interne kallenamn på kvarandre.

– Det er mykje som er vanskeleg når vi snakkar om ytringsfridom, men samstundes er det det viktigaste vi har.

Rasismeparagrafen

Etter to år i ytringsfridomskommisjonen var det klart for Sarah Zahid (27) kva masteroppgåva skulle handle om.

Ho måtte skrive om rasismeparagrafen.

– Etter vi leverte ytringsfridomsrapporten, fekk vi tilbakemelding frå Anine Kierulf, ekspert på ytringsfridom, som sa at vi treng ein revisjon av rasismeparagrafen.

– I oppgåva har eg samanlika rasismeparagrafane frå dei tre skandinaviske landa, med sikte på å forstå den norske paragrafen betre. Kva vilkår må vere tilstades for at ytringa skal vere straffbar for eksempel, forklarar Zahid.

Ho seier det er ei omfattande oppgåve, og at ho jobba fram til innlevering med å formulere problemstillinga.

Kjend profil

Då ho såg kven ho skulle sitje i kommisjonen med tenkte ho at «her må det ha skjedd ein feil. Skal 23 år gamle meg jobbe med namn som Magdi frå Karpe og Mimir Kristjánsson?»

– Skal ein få lov til å gå i nazi-uniform i Bergen sentrum, så lenge ein ikkje brukar vald?

Sarah Zahid

Zahid sat også i kommisjonen med Shabana Rehman, ein komikar, skribent og samfunnsdebattant som døde i 2022. 

– Eg er veldig glad for at eg fekk møte ho. Vi hadde gode samtalar. Klassekampen tok eit bilete av oss, og eg bruker framleis dei same kleda som eg har på det biletet medan ho er død. Det set livet i perspektiv.

Ho held fram:

– Ho var ein kjend profil medan eg veks opp, så det var utruleg kult at eg fekk lov til å jobbe og diskutere saman med ho.

ENGASJERT: Ho held på med mykje, men synest det er gøy
ENGASJERT: Ho held på med mykje, men synest det er gøy

Permisjon frå studiane

Samstundes som ho var med i kommisjonen og studerte juss, skreiv ho den andre boka si, Bjørnholt vgs, som kom ut i oktober 2022. 

– Korleis var det å kombinere dette?

– Det gjekk greit. Eg hadde permisjon frå studiet for å skrive boka, då gjorde eg mesteparten. Det vart mest korrekturlesing medan eg studerte.

Ho fortel at det vart mykje reising til Oslo og andre stader for å delta på panel i forbindelse med boka, noko som tok mykje tid.

Lederstjerne

I haust vart ho nominert til årets ledestjerne i Dagens Næringsliv.

– Ser du på deg sjølv som ein leder?

– Eh nei, seier ho og ler.

– Korleis får du tid til alt?

– Eg stiller meg sjølv det spørsmålet ofte, seier Zahid og ler. 

Ho må rett og slett prioritere, og vite kva ho skal gjere og når det skal skje. Til dømes kombinerte ho masterskriving med å delta på panelsamtalar og podkastar rundt i landet.

– Eg har skjønt at å berre sitje på lesesal ikkje funkar for meg. Det kan verke negativt på den mentale helsa. 

Ho trur alle studentar treng å ha noko anna å gjere ved sida av studiet.

– Elles kan ein fort bli einsam. Vi er unge, i vår beste alder, og har mykje tid - tenk så dumt det hadde vore om vi gjekk glipp av livet, berre fordi vi studerer. 

Powered by Labrador CMS