Debatt

Kvifor ville eg sjå ut som ein kroppsbyggjar, eigentleg?

Eg måtte innsjå at treningsregimet mitt mest av alt var ein egotripp.

KROPPSBYGGJAR. Den som held ut, vinn. Omtrent som å ri ein okse. Foto: Privat
Publisert Sist oppdatert

Dette er et innsendt innlegg. Innlegget gir uttrykk for forfatterens egne meninger.

Skrivekonkurranse
Studvest har i fellesskap med Bergens Tidende avholdt skrivekonkurransen «Det var da jeg skjønte det …». Her ble lesere under 30 år invitert til å fortelle om øyeblikket da et lys gikk opp for dem.

Blant om lag 140 innsendte bidrag har juryen valgt ut de beste og kåret tre vinnere.
Flere av de beste tekstene vil bli publisert på nett i Studvest tiden fremover.


Eg var 18 år og hadde skrive min første kjærleikslåt. Kunne forsvinne i timevis inn i melodiane som kom til då eg sat med gitaren på fanget.

Så høyrde eg frasane på Youtube. Uttalt med snert av muskuløse amerikanarar som viste fram treningsrutinane sine. Frasar som «marshmallow kid». Og «thin chicken legs».

Eg såg meg i spegelen kor enn eg fann ein. Kneip på marshmallow-magen og lest som han ikkje var der om kvarandre. Studerte det eg håpte ikkje var slike tynne kyllingbein som dei i Youtube-videoane snakka ned.

Det vart tydeleg for meg at eg måtte løfte, dersom eg ønskte forandring.

Eg vart observant på jamaldringar som trena styrke. Dei hadde vorte større og sterkare enn meg. Var eg dårlegare enn dei, på ein måte? Tolte eg ikkje smerta, kosthaldet og dedikasjonen som skulle til for å få resultat det stod respekt av?

Eg følte med andre ord at eg hadde noko å bevise. Så eg kjøpte utstyr. Teikna abonnement på treningssenter. Laga treningsplan og sette meg inn i kva matvarer som inneheldt mest protein.

Og eg trena som berre det. Ein skal verte kvalm når ein har «beindag», det hadde eg lært på Youtube. Den som held ut, vinn. Omtrent som å ri ein okse.

Vi spolar litt framover: Mine gamle T-skjorter vart stramme og fulle i musklar. Og eg fekk kommentarar. Frå familie og vennar, frå gymlæraren, frå folk eg berre kjende litt, og frå jenter. Eg gjekk rundt som ein stolt hane og tenkte at no ser folk på meg.

Men eg var ikkje fornøgd. For eg var eit uferdig prosjekt, og noka «utskeiing» i treninga eller i matvegen ville berre vere til hinder.

Det vart eit kav, for å seie det litt enkelt. Mitt sjølvpålagde regime vart stadig det viktigaste, sjølv om dei rundt meg av og til kunne ønske at eg prioriterte annleis. Særleg mor mi følgde med på utviklinga mi med tvil i blikket.

Snart byrja også eg sjølv å sjå kor det bar, og torde å stille meg kritisk til mine eigne motivasjonar. Kvifor trena eg så slavisk og åt så «rett»? Fordi eg ville bruke musklane til å gjere noko bra for andre? Nei. Fordi det var sosialt? Ikkje eigentleg, det var hovudsakleg eit soloprosjekt.

Eg måtte innsjå at treningsregimet mitt mest av alt var ein egotripp.

Men eg dreiv framleis litt med musikk. Kvar gong eg spelte for nokon, gjorde eg ein oppriktig innsats for å få lyttarane til å føle låtane på kroppen. Eg kjende at eg bidrog med noko for andre. I musikken handla det ikkje om å hevde seg, men om å gi av seg sjølv, og det kjendest svært godt.

Eg ville at livet mitt skulle vere mest mogeleg slik. Så eg eksperimenterte med å trene passeleg mykje, slik at det gav meg overskot og ikkje sleit meg ut. Droppa etter kvart heile treningsplanen og tok det på gefylen. Byrja å ete både sunt og godt, og unne meg det eg har lyst på. Fann ut at det kunne vere enkelt å halde kroppen sunn. Slik har eg tenkt i fleire år no, og eg likar det svært godt.

Og så til det store spørsmålet: Har kroppen min forfalle? Nei, den er så velfungerande og flott som nokon gong.

Eg meiner absolutt ikkje at kroppsbygging er feil. Eg er sikker på at det kan vere givande når ein har dei riktige motivasjonane. Men eg trur ein må vere obs på psyken sin heile vegen.

For meg er det største poenget med trening at kroppen skal kjennest god å vere i. Ser ein slik på det, gjer ein rett i å ikkje bli fanatisk, slik mor mi brukte å seie til døve øyrer då eg bygde kropp som verst.

Les også: Vinner av skrivekonkurransen: No ser eg bygdedyret
Les også: 3. plass i skrivekonkurransen: Dagen da jeg kledde meg naken på flyplassen

Powered by Labrador CMS