Under ein av ti nytta røysteretten i årets studentval.

LÅG OPPSLUTNING. Årets valoppslutning var rekordlåg. ARKIVFOTO: Josef Kosler


Annonse

Nyleg kom resultata frå valet til Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen, kor Venstre-alliansen gjorde eit brakval med 29,2 prosent av stemmane. 

Samstundes syner talla for valdeltakinga at dei fleste av UiB- studentane ikkje røystar. Av dei 19.102 studentane med røysterett var det berre 1804 som klikka seg inn på nettet for å røyste på partia i det heildigitale valet. 

Ein valoppslutnad på 9,4 %  betyr at dei 24 studentane som skal representere UiB-studentane  i Studentparlamentet det neste året har under ti prosent av studentane i ryggen. Dette er den lågaste valoppslutning på fleire år. 

Til samanlikning var oppslutnaden 15,4 prosent i valet i 2020. Tilbake i 2016 var oppslutnaden på heile 26 prosent.

SØKKANDE. Valoppslutaden har sokke dei seks siste åra. Kilde: Studentparlamentet i Bergen

Samstundes som valet til studentparlamentet, var det val til studentanes representantar i universitetsstyret. Her var oppslutnaden enda lågare. Trass ein opphissa debatt som skapte stor engasjement på sosiale medium gjekk berre 8,5 prosent av studentane til dei digitale valurene i dette valet. 

Vanskelig å engasjere. 

Leiar av Studentanes valstyre, Petter Morland, trekkjer fram at dei to siste åras oppslutnad i stor grad har blitt påverka av korona-pandemien. 

– I ein heildigital valkamp er kandidatane avgrensa med dei følgjarane dei allereie har på sine sosiale media profilar . I ein fysisk valkamp der partia er ute på fakulteta og står på stand er det mykje lettarane å nå ut til nye studentar og veljarar, seier han. 

Korona-effekt: Leiar av studentanes valstyre trur koronapandemien forklarar den låge valdeltakinga. ARKIVFOTO: Nora Elvestad Reisnes

Morland trur også at den auka avstanden til campus har svekka tilknytinga til studentpolitikken for mange studentar. 

– Døgnopne lesesalar betyr gjerne mindre for studentane når ein uansett sit på eit døgnopen hybel. 

Valstyre-leiaren vonar oppslutnaden igjen vil auke i 2022. Han ser lyst på at vaksineplanane indikerer at 2021 valet blir det siste heildigitale på ei stund. 

– I 2022 blir det stands på campus og vaffellukt i gangane. Det i seg sjølv trur eg har mykje har seie. 

Kommentarer

kommentarer