Anmeldelser

Leikande kaos

Masterutstillinga til kunststudentane ved KMD fekk meg til å både reflektere rundt mitt eige kjærleiksliv og nynne på Erik og Kriss.

MASTERUTSTILLING: Like sikkert som at våren kjem, er det at avgangsstudentane på master i Kunst ved KMD har utstilling på Bergen Kunsthall. I år er intet unnatak.
Publisert Sist oppdatert

Samtidskunst er noko av det skumlaste og vanskelegaste eg veit. Eg tykkjer det veldig ofte er vanskeleg å tolke og eg har fleire gonger gått ut frå utstilling og tenkjer «kva i alle dagar har eg sett på?».

Eg var redd for dette no og, men heldigvis var ikkje det tilfelle denne gongen.

Å begjære meir

Leikande kaos kalla kurator Scott Elliot årets masterustilling. Det kan eg vera einig i.

Utstillinga har fått namnet Nudge it – Kick it – Prod it – Push it -, etter diktet «A Dozen Cocktails – please» av Elsa von Freytag-Loringhoven. 

Diktet handlar, i korte trekk, om å begjære meir, og har ei maksimalistisk framtoning. Til liks med mange av verka på utstillinga.

Det e’kke meg, det er deg

Det første som møter meg når eg går inn i det rolege rommet, er eit verk som tek opp heile eine veggen. Først trudde eg det var avisutklipp, men då eg kom nærare såg eg at det var små bitar med keramikk som kunstnaren Joe Welch hadde skrive «it’s not you, it’s me» på. 

ERIK OG KRISS: Dette verket fekk meg til å synge på «Det e’kke meg, det er deg» av Erik og Kriss.

Dette er også tittelen på verket. 

Min umiddelbare reaksjon var «kor mange gonger har eg ikkje høyrd den før», medan eg himla med auga av den oppbrukte strofen.

Og eg veit at eg ikkje er åleine om det.

Det er jo den tryggaste måten å dumpe nokon på. «Det er ingenting gale med deg, det er noko gale med meg». Men er me ikkje leie av å høyre det no?

Sidan eg såg verket har eg hatt «Det e’kke meg, det er deg» av Erik og Kriss på hjernen. Merkeleg nok.

Eg klandrar deg

På motsett side heng 14 penisar i alle formar og fasongar. Under kvar penis heng eit skilt i ekte «cottage core» stil med eit sitat på kvar.

Alle sitata har same start «I blame you for…». Etterfulgt av noko kunstnaren Nilia klandrar penisen, eller eigaren av den, for.

PENISEN I ALL SI PRAKT: 14 penisar i glasert keramikk. FOTO: Emily Dishington

«I blame you because it is easier than accepting that I have to change my way of acting».

Å klandre andre er jo veldig enkelt å gjere. Då er det plutselig ikkje vår eigen feil at ting gjekk gale. 

Me slepp å ta tak i det i oss sjølve som gjorde at ting (les: forhold) gjekk i vasken. Men er det så smart å gjere det? 

Febermareritt
KJÆRLEIKSLIV: «I blame you for my loneliness».

Det maksimalistiske kan me sjå i det giganske måleriet First Flush i det kurator Elliot kalla det bråkete rommet.

Måleriet er så stort at eg føler eg blir sugd inn i det og ser på det innanifrå. Det ser ut som målinga beveg seg når blikket beveg seg over lerretet. 

Lik som eit febermareritt som består av mange former som smeltar inn i kvarandre.

Sengehimmel
MAKSIMALISTISK: Måleriet er 10 meter langt og 3 meter høgt og laga av Mikael Jacobsson.

På motsett side av rommet heng eit stort tøystykke frå taket. Tøyet er måla gult med nyansar av rosa og oransje. 

Å stå under og sjå opp gjer meg ei kjensle av lukke og alt eg klara å tenkje er at eg skulle ønske eg kunne ha dette som sengehimmel. 

Difor er det svært passande at kunstnaren Oda Tungodden har kalla verket A meadow in the sky.

Mødrer og deira påverknad

I mellom det monumentale måleriet og enga på himmelen, står ein anna spanande installasjon. I carry my mother, her influences and their mothers’ av Camilly Yeung består av kinesiske porselensfigurar som står på eit brett som snurrar rundt kvart 15 minutt.

FARGENYANSAR: Fargane i verka går godt saman i alle romma. Dette gjer meg ei god romfølelse.

Figurane blir kasta rundt oppå brettet. Det opplevast klønete og ustabilt. Eg var redd for at dei skjøre figurane skulle ramle av medan brettet snurra.

Samanhengande utstilling

Utstillinga var i år opplevdes samanhengande, i motsetnad til i fjor. Det er utfordrande å lage ei samanhengande utstilling med 30 forskjellige kunstnarar med 30 forskjellige uttrykk.

Dette er noko kurator Elliot seier han jobba ein del med. Hans grep for å få ein raud tråd i utstillinga var å samle flest rolege verk i eitt rom, og alle dei bråkete verka i eit anna. Det gjer han lurt i. 

På denne måten fekk me gå inn i det rolege rommet og ta inn dei rolege inntrykka, medan i det bråkete rommet kunne me forsvinne inn i dei bråkete verka som krev meir av oss.

Det er framleis fleire verk som får meg til å tenkje “kva i alle dagar har eg sett på no?”, men desse var i mindretal.

Trass i den uforventa, og litt uønskte, reflekteringa over eige kjærleiksliv, går eg ut ifrå Bergen kunsthall med ei god kjensle. Ei kjensle av å forstå samtidskunst, og å ha nytt utstillinga.

Og eg nynnar framleis på Erik og Kriss.

GOD SAMANHENG: Å samle bråkete og rolege i kvar sine rom var ei lur løysing.
KVA ER DETTE?: Skummadrassser som har blitt sett saman til to trer.
Powered by Labrador CMS