Må me vere rusa for å bli kjent?

Lesarinnlegg: Eg har hatt faddergrupper som har akseptert at eg ikkje har ynskja å drikka, men har til dels følt meg ekskludert frå visse arrangement fordi dei er så tett knytt til alkohol.

VENNSKAP. I staden for å fokusera på alkohol, må me ta fokuset over på nettopp det å danne vennskap, skriv Morten Stene. ARKIVFOTO: JULIE GUNTHER
Publisert Sist oppdatert

Dette er et innsendt innlegg. Innlegget gir uttrykk for forfatterens egne meninger.

Fadderveka er starten på studenttida, men kan også vere starten på ein einsam studiekvardag for nokon, og ein tid med eit problemfylt forhold til alkohol for andre. Er dette ei fadderveke me ynskjer i Bergen?

Alkopresset på fadderveka kan virke svært høgt fordi fleire av aktivitetane er lagt opp rundt alkohol, som bar til bar, vors- og nachspiel. Det gjer at studentar som ikkje ynskjer alkohol kan bli heldt utanfor, noko som kan vare ut resten av studietida. Fadderveka er starten på noko nytt og ein bør sørge for at alle føler seg velkomen. For studiane handlar vel ikkje om alkohol?

Nyhet: Nesten en av tre studenter opplever ensomhet 

Ifølgje SHoT-undersøkinga for 2014 har 40 prosent av studentane ein åtferd som gjer at dei er i risikosona når det kjem til alkoholforbruk. Derfor er det viktig at vi tar på alvor at alkoholforbruket i studietida er høgt. Det er også ifølgje SHoT ein samanheng mellom deltaking i fadderveka og eit risikofylt eller skadeleg alkoholforhold. Derfor må me sjå på tiltak som kan gjer at me får det ned. Det å ikkje ha den største festveka som start på studietida kan vere eit veldig bra tiltak. Kvifor skal alkoholen få styre?

Derfor må me i staden for å fokusera på alkohol, ta fokuset over på nettopp det å danne vennskap. Eg seier ikkje at me ikkje skal ha alkohol i fadderveka, men at me i staden for vors kan ha tacokveld, spelekveld, tapas og så mykje meir. Ved å ta bort fokuset frå alkoholen, vil ikkje det å drikka ha hovudfokus og ein er meir inkluderande for de som ikkje ynskjer eit slik drikkepress. For skal drikkepress vere ein del av studietida?

Nyhet: Her er det blitt helt nytt

SHoT-undersøkinga seier også at rundt 20 prosent av studentane er einig eller litt einig i påstanden: Eg har valt å ikkje delta på eit studentarrangement fordi det er alkohol der. Eg har eit godt forhold til fadderveka fordi eg har hatt faddergrupper som har akseptert at eg ikkje har ynskja å drikka, men har til dels følt meg ekskludert frå visse arrangement fordi dei er så tett knytt til alkohol. Er det rett?

Eg trur me kan få til ei fadderveke for alle. Ikkje utan alkohol, men utan drikkepress!

Få med deg: Ni tips til fadderuken

Nyhet: Slik ble nye studenter tatt imot

Powered by Labrador CMS