Nyhet

Måtte vente over tre månadar på endeleg sensur

– Det er kriselenge, i alle fall om eg skulle ha brukt karakteren til noko spesifikt, seier Hanna Handeland.

MÅTTE VENTA LENGE. Hanna leverte masteroppgåva si 1. juni, 2. september fekk ho den endelege sensuren.
Publisert Sist oppdatert

– Eg syntest det var bra at me fekk lenger frist grunna korona, men eg trur ikkje så mange hadde levert seinare om dei hadde visst om konsekvensane, seier Hanna Handeland.

Saman med elleve andre leverte ho masteroppgåva si i administrasjon og organisasjonsvitskap ved Universitetet i Bergen (UiB) no i vår. Den opprinnelege freista var 1. juni. Det var denne datoen Handeland leverte innan.

Studentane fekk valet om å levera 1. juli, noko fleire av medstudentane hennar valde å gjera. 

– Instituttet opplyste om at sensuren ville ta tre til åtte veker, men at det var sjeldan det tok åtte veker. Dei burde ha opplyst om at det kunne få konsekvensar om ein leverte 1. juli. 

Venta 13 veker på endeleg sensur

Handeland fekk sensuren innan tre veker, og valde då å klage på karakteren. Endeleg sensur fekk ho 2. september. Då hadde ho venta ti veker etter at ho klaga.

– Det er kriselenge, i alle fall om eg skulle ha brukt karakteren til noko spesifikt.

Ettersom tida gjekk valde Handeland å ringje til instituttet for å høyra kor det vart av karakteren.

– Dei sa at det tok lang tid grunna ferie, men fellesferien kjem jo kvart år, og det kan ikkje koma som ei overrasking at nokon klagar på karakteren, seier Handeland.

Den største konsekvensen dette har fått for Handeland er at ho endå ikkje har fått noko vitnemål. Ho fortel at det har gått utover både jobbsøking og vidare studier for nokre av medstudentane hennar.

– Men om eg til dømes ville søke stipendiatstilling, så går jo den freista ut i august.

Misnøye blant fleire

Studvest har vore i kontakt med to av medstudentane til Handeland som har fått konsekvensar grunna den forseinka sensuren på masteroppgåva.

Den eine studenten har byrja på nytt studie, men fekk avslag på lån frå Lånekassen grunna manglande 60 studiepoeng på vitnemålet.

Den andre fekk ein annan student sin sensur ved ein feil, og måtte levera si eiga oppgåve på e-post. Grunna denne feilen stod det at masteroppgåva hennar var annulert på vitnemålet fram til den andre veka i september.

Kunne vore tydelegare

Instituttleiar ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap, Jacob Aars, skriv i ein e-post til Studvest at utsett freist for innlevering av masteroppgåva i vår var eit ekstraordinært tilbod til studentane i den høgst uvanlege situasjonen ein var i denne våren.

– Masterstudentane fekk informasjon om tilbodet i april. I samband med tilbodet vart det og informert om at sensurtidspunktet ved val av seinare innlevering ville bli forskuva grunna ferieavvikling.

Aars ser i ettertid at dei kunne ha informert endå tydelegare om kva som ville bli konsekvensane av utsett innlevering. 

– Når det gjeld dei einskilde sakene, har me ikkje høve til å gå inn i desse. Men dei studentane dette gjeld, har fått svært tett oppfølging både når det gjeld tidspunkt for sensur og oppretting av feil som er begått.

Powered by Labrador CMS