Ein siger for studentane

Det var ikkje «kalde føter» som tvang fram vedtaket. Det var heller eit oppriktig ønske om framleis god studentvelferd i ei vanskeleg tid for mange studentar.

RIKTIG. Leiar for HVL-delegasjonen til BSV meinar det var rett å løyve penger til BSI. FOTO: Nils Olav Mevatne / HVL og Selma Turiddatter
RIKTIG. Leiar for HVL-delegasjonen til BSV meinar det var rett å løyve penger til BSI. FOTO: Nils Olav Mevatne / HVL og Selma Turiddatter
Publisert Sist oppdatert

Dette er et innsendt innlegg. Innlegget gir uttrykk for forfatterens egne meninger.

Bergen Studentvelforening (BSV)

  • Velferdstinget Vest fordeler hvert år en del av semesteravgiften studentkultur, -media og -idrett på Vestlandet.
  • I Bergen blir midlene delt ut av Bergen Studentvelforening (BSV).
  • BSV er en forsamling bestående av representanter fra de ulike studiestedene i Bergen.

Kilde: Velferdstinget Vest

I eit innlegg i Studvest skriv tidlegare leiar for Velferdstinget Vest, Anette Arneberg, at Bergen Studentvelforening (BSV) si pengeløyving til Bergen studentidrettslag (BSI) er eit tap for studentdemokratiet og studentorganisasjonane. 

Høgskulen på Vestlandet (HVL) sin delegasjon var blant dei som ønskte å løyva pengar til BSI. Som konstituert leiar for HVL-delegasjonen er eg noko usamd med Arneberg, og meiner at vedtaket står seg godt i ettertid som ein siger for studentane i Bergen.

Eg ønskjer at alle studentar i Bergen skal ha eit så breitt og variert tilbod som mogleg. Det er og bør vera hovudmålet for alle som er studentpolitikarar. Å sitja som delegat i BSV fører naturlegvis med seg at me skal halda oss til eige regelverk, men også at me skal evna å sjå og bidra til eit heilskapleg og føreseieleg tilbod for studentane.

Studentidretten er utan tvil viktig. Han er viktig fordi han bidreg til samhald, god psykisk helse, fysisk aktivitet og skapar gode møteplassar for studentane. SHOT-tala viser oss at mange studentar slit psykisk og kjenner seg einsame, og er det noko me lærte frå pandemitida så er det at studentane treng møteplassane sine. 

Eg meiner det både var rett, men også tøft at BSV gjekk inn for å setja studentane først i denne saka.

BSI er såleis eit viktig bidrag til studentidretten, og dermed studentvelferda i Bergen. Det er klart at BSI braut regelverket, men å ikkje løyva dei pengar hadde fått uheldige konsekvensar for studentane. Det er dei som hadde blitt råka viss dårleg økonomistyring frå BSI automatisk skulle medført ei løyving på 0 kroner frå BSV. 

Arneberg har heilt rett i at studentpolitikarane må tora å ta tøffe val, men det er heller feil at kalde føter tvang fram dette vedtaket. Det var eit oppriktig ønske om å syta for framleis god studentvelferd i ei tid som blir opplevd som vanskeleg for mange studentar. 

Eg meiner det både var rett, men også tøft at BSV gjekk inn for å setja studentane først i denne saka. Samstundes vil eg understreka at BSI fekk langt mindre pengar enn det dei opprinneleg hadde søkt om.

Eg opplever at studentpolitikarane i BSV er samde om at me har eit godt regelverk. Måten me handhevar regelverket vårt på, må likevel alltid ta omsyn til kva som er best for studentane me representerer. 

Derfor er eg glad for at BSI stilte på budsjettmøtet og gav BSV oppklarande informasjon, som i sin tur gjorde at me kunne fatta eit vedtak som eg meiner kjem til å gagna studentane i Bergen. Det meiner eg er korrekt forvalting av både semesteravgiftsmidlane, og tilliten som studentane har gjeve oss.

For ordens skyld: Studvest er en av søkerorganisasjonene i denne budsjettprosessen. Studvest søker fra samme pott som BSI i denne saken.

Vil du få din mening på trykk i Studvest?
  • Send innlegget ditt på e-post til ansvarligredaktor@studvest.no.
  • Typiske innlegg er rundt 500 ord.
  • Lengre innlegg kan vurderes i noen tilfeller. Vi tar oss retten til å forkorte og redigere innlegg.
  • Vi trykker ikke innlegg som har vært publisert i andre aviser, framstår som reklame eller som er hatske og trakasserende.
  • Legg ved et portrettbilde av deg selv.
Powered by Labrador CMS