Museet som vart målbunde

Universitetet i Bergen kan ikkje vere kunnskapstreet på Vestlandet med kulturhistorisk avdeling stengt.

TRIST: Innsendaren synest det er problematisk at Kulturhistorisk museum er stengt på ubestemd tid. Illustrasjonsbiletet er frå 2013. FOTO: Magnus Halsnes
Publisert Sist oppdatert

Dette er et innsendt innlegg. Innlegget gir uttrykk for forfatterens egne meninger.

Dette er et innsendt innlegg. Innlegget gir uttrykk for forfatterens egne meninger.

Det var ei gong eit museum som låg på ei høgde i ein by der vest ein stad. Dette museet tilhøyrde eit universitet som såg på seg sjølv som sjølve kunnskapstreet, den store akademiske fridom og frilynt og ope, syntes det. Denne byen der i vest såg på seg sjølv som sjølve kjernebyen i formidling av kunnskap, opne politiske kanalar og eit vidsyn, ein ikkje anar kor stort er.

Men, dette fine museet, som var så stolt av sine kulturhistoriske samlingar, sine kunstskattar frå mellomalderen, sine arkeologiske funn i alle storleikar, sin stillehavskunst, fekk ikkje vitjing av ivrige politikarar som kanskje ville synes at denne stenginga var litt vel forhasta og litt vel lang. Politikarar som ville forbarme seg over dette flotte museet der oppe på ei høgde, universitetshøgda, ein stad.

Nei, ingen kom, verken dei som skulle læra noko av samlingane eller dei som skulle læra noko bort om samlingane.

Grunnane for stenginga og grunngjevinga for så lang tid som over fem år det skal vera stengt, kom ikkje godt fram, synest eg. Nei, heile leiinga ved museet og ved universitetet gjekk i «kjellaren», og der vart dei.

Dette gode museet er no i stummande mørke og åleine. Ingen kjem der lenger, ingen livlege barnerøyster som leande seier «sjå der, er ikkje det eit løye andlet, og så i stein og, då.» Ingen vaksne som undrande går rundt og lurer på korleis i all verda fekk dei alt dette til, desse morfedrane våre. Nei og nei, så fint!

Universitetsleiinga stengte kulturhistorisk avdeling ved Universitetsmuseet i Bergen ved årskiftet 2022/23, og det vil gå mange år før det opnar att. Slik vart det. Men, ingen diskusjon om det, ingen god informasjon i førekant, ingen kommunikasjon med studentar eller lærekrefter.

Synes universitetet at argumenter om for dårleg sikring mot tjuveri og brannsikring, er haldbare for stenging i meir enn fem – kanskje opp mot ti – år? Er ikkje dette berre vikarierande argument for deira våte draum om eit nytt sokalla moderne museum?

Eg forstår ikkje korleis sikring mot tjuveri og brannsikring er årsak nok til å stenge museet på ubestemt tid. Universitetet i Bergen kan ikkje vere kunnskapstreet på Vestlandet med kulturhistorisk avdeling stengt.

Vil du få din mening på trykk i Studvest?
  • Send innlegget ditt på e-post til ansvarligredaktor@studvest.no.
  • Typiske innlegg er rundt 500 ord.
  • Lengre innlegg kan vurderes i noen tilfeller. Vi tar oss retten til å forkorte og redigere innlegg.
  • Vi trykker ikke innlegg som har vært publisert i andre aviser, fremstår som reklame eller som er hatske og trakasserende.
  • Legg ved et portrettbilde av deg selv.

Ivar Tveito Jørdre, klassisk arkeolog og kunstnar

Powered by Labrador CMS