Mindre skjerm, meir sex?

Gjengen i studio meiner mykje om dagens skjermtid, men kor avhengige av mobilen er dei sjølve? Vi har sjekka fasit i ukas episode.

FOTO: Studvest
Publisert Sist oppdatert

Du kan som alltid lytte til Studcast på iTunesSpotify eller ved å søke på «Studcast» i podkast-appen din. Du kan også høyre på oss hos Studentradioen kvar mandag klokka 17.00, for å få med deg heile sendinga med musikk.

I tillegg til skjermtid, får du i denne episoden høyre meir om oppussingsprosjekt til 2 milliardar og kva som eigentleg er greia med studentavgift.

I tillegg vert du betre kjent med Studcasts nyaste tilskot, Øystein Aas – sjølvutnemnd brekkjern og ny kulturjournalist i Studvest. 

I studio er Nikolai Hagevold Krohne, Øystein Aas og Lene Schumacher. Produsent er Marius Hauan.

Studcast er tilbake same tid neste veke. God lytting og ha ei fortreffeleg veke!

Studcast er ein samarbeidsproduksjon mellom Studvest og Studentradioen i Bergen.

Powered by Labrador CMS