Nyhet

Mitt UiB-appen er historie

Fram til 1. oktober hadde studentane ved UiB ein app for universitetet sitt skulesystem. No er den fjerna utan eit nytt tilbod til studentane.

FORSVINN. 1. oktober vart det ikkje lenger mogeleg å laste ned UiB sin app. FOTO: Erik Stolpestad
Publisert Sist oppdatert

1. oktober forsvann Mitt UiB-appen frå både App Store og Google Play. Appen har vore den mest tilgjengelege måten å sjekke alt frå studiekalender til innleveringsfristar. Korleis vil dette påverke kvardagen til studentane?

“Mitt UiB” er læringsplattforma til Universitetet i Bergen (UiB). Plattforma vert nytta for å levere oppgåver, sjå på pensumlister, få med seg viktige kunngjeringar, kommunisere med førelesarane etc. Men no er ein stor del av plattforma borte, nemleg appen.

Utdatert teknologi

Christen Soleim er avdelingsdirektør i Studieadministrativ Avdeling (SA) ved universitetet.

– Vi hadde håpet at Mitt UiB appen skulle kunne vere i bruk fram til vi har et nytt tilbod til studentane. I juli bestemte Google Play å stengje den for nedlasting fordi teknologien ikkje samsvarte med deira policy.

Særleg dei aller ferskaste studentane måtte vere raske med å laste ned appen før nedlegginga 1. oktober. Appen vart ikkje sletta frå mobiltelefonen din dersom du allereie hadde lasta han ned. Viss du allereie har appen tyder ikkje dette at han nødvendigvis vil fungere heilt som før, i framtida.

– Dagens mobilteknologi utviklar seg raskt og appen har dessverre ikkje klart å følgje med. Den blei bygget på teknologi som nå er utdatert og dessverre ikkje lar seg oppdatere.

Ei eventuell erstatning

No som studentane er ei plattform fattigare, er det naturleg å spørje seg sjølv om det kjem ei erstatning.

– UiB jobbar med løysingar som også skal fungere godt på mobil. I dette arbeidet er det studentanes tilbakemeldingar og behov som har blitt vektlagt. Dette fortset vi med framover og derfor søkjer UiB nå etter studentar til ein fast testgruppe skal gi innspill og tilbakemeldingar i utviklinga av studentrettene tenester.

Nettsida mitt.uib.no er framleis tilgjengeleg, og vil fortsetje som normalt. Dei studentane som allereie hadde lasta ned appen vil enn so lenge vere upåverka av nedlegginga av appen.

Powered by Labrador CMS