No blir fattige studentar fattigare

Fadderveke betyr for mange øl, kebab og anna kos. Med den nye studentøkonomien blir det kanskje ikkje ein like triveleg fadderveke for dei nyaste bergensstudentane.

Illustrasjon: Truls Skram Lerø
Publisert Sist oppdatert

Dette er et innsendt innlegg. Innlegget gir uttrykk for forfatterens egne meninger.

Dette er en kommentar. Kommentaren gir uttrykk for journalisten sine egne meninger.

Som om det ikkje allereie var vanskeleg nok å få hjula til å gå rundt som student i Noreg, ser det no ut til at det kjem til å bli endå vanskelegare i åra som kjem, dersom ikkje politikarane gjer noko.

Det er eit par viktige ting som har endra seg nokså drastisk når me no får servert kvardagen rett i fleisen igjen.

1. juli auka matprisane. For mange blir kanskje studiestarten det fyrste møtet med kva normalen no blir. Har du råd til øl? Har du råd til å ta bussen heim, eller er dette studieåret det må kuttast ned på alle kantar?

Norsk studentorganisasjon (NSO) meiner at studiestøtta har auka for lite samanlikna med prisveksten. Det er eg einig i. Førre studieår fekk norske fulltidsstudentar utbetalt 126.357 kroner totalt. Fattigdomsgrensa her til lands ligg på 237.600 kroner.

Kjøper du ein øl for mykje har du kanskje ikkje råd til middag dagen etter.

Ifylgje Lånekassa, krev eit fulltidsstudium same arbeid som ein fulltidsjobb. Likevel får me ikkje i nærleiken av løna til ein slik jobb.

Det er heilt uhøyrd at alle norske studentar må jobbe på sida dersom dei ynskjer å leve eit relativt normalt liv, samstundes som politikarene meiner me bør fokusere på studiet og sjå på det som ein fulltidsjobb.

For ei velkomstpakke til dei nye studentane me skal ynskje velkomne i fadderveka i år.

Har du lyst på øl til fadderveka, må du passe på. Kjøper du ein øl for mykje har du kanskje ikkje råd til middag dagen etter.

Dersom politikarane ikkje aukar støtta, vil forskjellane mellom studentane auke. Dei med ressurssterke foreldre vil klare seg betre enn røkla, som berre lever på omkring halvparten av fattigdomsgrensa.

Korleis skal ein ny student prioritere? Skal den nylege bergensaren prioritere deltidsjobben, for å få nok mat i magen, eller skal hen prioritere studiane som kanskje vil løne seg om tre til fem år? Eg trur dei fleste vil prioritere dei raske pengane. Det blir det jo ikkje akkurat gode legar, lærarar og sjukepleiarar av.

Stress er også ein annan faktor. Som student har du ein kvardag du ofte kan leggje opp litt som du sjølv ynskjer. Det kan difor vere lett, særleg for nye studentar, å ta eit par ekstra vakter som eigentleg viser seg å gå utover studia seinare.

Studietida er heller ikkje til berre for utdanning. Mykje av livet kring studia kan vere viktigare enn sjølve studia. Det å ha råd til ein pils, ein pizza eller ein helgetur er viktig for at ein heil generasjon unge vaksne skal trivast og utvikle seg i sine viktigaste år.

Eg håper regjeringa vil prioritere annleis framover. Eg håper at regjeringa vil forstå kor viktig det er å ha penger nok til livets opphald utan å måtte selje ei nyre som fattig student.

til alle nye studentar: Velkomen til studentlivet. Eg håper du får råd til ei fadderveke sjølv om ein sekspakning med øl no kostar nærmare 200 kroner.

Powered by Labrador CMS