Velferdstinget vil innføre sjølvtesting for kjønnssjukdommar

Ei løysing kan bli toalett der du kan teste deg sjølv for klamydia og legge testen i ein postkasse.

SJØLVTESTING. Nestleiar Aron Hagos i Velferdstinget Vest tykkjer det det er behov for ei ordning der studentane kan teste seg sjølv for kjønnssjukdommar på campus. FOTO: ANNA ISABELLA SVEINSSON
Publisert Sist oppdatert

– Me ser at for mange studentar ikkje nyttar seg av moglegheitene dei har for å testa seg i dag, seier nestleiar i Velferdstinget Vest (VT), Aron Hagos.

Difor jobbar VT no for å få til sjølvtesting for kjønnssjukdommar ved alle studiestadar i Bergen. Hagos fortel at spesielt studentar som kjem utanbys frå kan ha høg terskel for å teste seg, då dei ofte ikkje byter fastlege og difor må gå til helsestasjonen.

– Sjølv om me har helsestasjon tykkjer studentar at det er for høg terskel å gå dit. Dette blir ein måte å senke terskelen på, fortel han.

– Kvinner er flinkare til å teste seg

Hagos seier også at det er ein forskjell mellom menn og kvinner når det gjeld testing for kjønnssjukdommar.

– Me ser at det er mange kvinner som nyttar helsestasjonen, og det er bra, men me ser òg at få menn nyttar seg av tilbodet, noko me tykkjer er problematisk.

Ved Universitetet i Stavanger (UiS), har dei hatt ordning for sjølvtesting sidan 2011, først hjå helsesøster, og deretter anonym sjølvtesting frå 2015.

– Ordninga me har no går ut på at det er fleire toalett på campus der du kan teste deg sjølv og legge testen i ein postkasse. Etter nokre dagar får du svar. På denne måten slepp du å reise på helsestasjonen, seier leiar av Velferdstinget ved UiS, Anne Marie Lund.

Hagos er usikker på kva slags ordning dei vil gå inn for ved studiestadane i Bergen, men nemner UiS si ordning som eksempel.

– Akkurat korleis det vil bli gjort er uklart, for me har ikkje byrja det arbeidet, men me jobbar med kommunen om å finne ut kva som er den beste løysinga, fortel han.

Positiv utvikling i Stavanger

Ved UiS har dei sett ei positiv utvikling etter at dei tok i bruk ordninga for sjølvtesting, og Lund fortel at det er færre som testar positivt enn før. I tillegg til sjølve testordninga har dei òg gjort tiltak for at dei som testar positivt skal gjennomføre behandling.

– Før måtte ein hente resept hos helsesøster, og så hente medisinen på apoteket, men me såg at ein del falt av lasset når dei måtte det, så no kan du få antibiotika på campus om du testar positivt, seier Lund.

Hagos fortel at dei håpar å få i gang ei prøveordning i løpet av semesteret.

– Me ser at det er behov for det. No blir andre prevensjonsmiddel nytta i større grad og kondombruken har gått ned. Det har ført til økt risiko for spreiing av kjønnssjukdommar, og den utviklinga har me lyst til å jobba imot.

Åtvarar mot personvernet

I dag kan studentar teste seg på helsestasjonen for unge, som ligg på Engen. Agnes Giertsen, som er gruppeleiar for førebyggande helsearbeid i Bergen kommune fortel at dei lenge har jobba med Sammen om å finna ordningar som gjer at ein slepp å stå i kø.

– Me er veldig villige til å finna løysingar som gjer det lettare og kjappare. Eg tykkjer det er kjempefint at VT set fingeren på dette, seier Giertsen.

Ho er positiv til sjølvtesting, men åtvarar mot at sikkerheita for personvernet kan bli ei utfordring.

– Å droppe ei prøve med personopplysningar i ein postkasse vil eg ikkje anbefale. Da må ein kanskje opprette kontor ved alle stadane, og det blir mykje, seier Giertsen.

Powered by Labrador CMS