Spiseplikta har oppfunne eit nytt matsvinnsproblem

Mat som blir laga og sidan kasta berre for å kunne bli servert alkohol.

Illustrasjonsbilde: Beate Felde
Publisert Sist oppdatert

Dette er et innsendt innlegg. Innlegget gir uttrykk for forfatterens egne meninger.

 

Det er fredag kveld. Eg er på jobb på eit kulturarrangement, endeleg! Dette har eg venta på og planlagt i fleire veker. Alt har så langt gått greitt, frå opprigging av møblar med riktig avstand til sceneshow og open bar. Ja, eller kva var det no med baren? Dei spar chili sin carne for harde livet opp i små skåler. Ute i salen leverer bartenderane skål etter skål til publikum. Publikum som har kjøpt seg ein pils, kanskje den fyrste på mange månader utanfor eigen heim. Gleda eg følte på av at allting meir eller mindre klaffa slik det skulle, byrja fort å bleikne då ljoset kom på og publikum hadde forlate salen. Igjen i konsertsalen står det nemleg titalls fulle eller tilnærma fulle skåler med mat. Mat som blir laga og sidan kasta berre for å kunne bli servert alkohol.

Verre vart det etterpå, då eg kom opp på kjøkkenet og fekk sjå all maten gjestar hadde lagt igjen etter fredagskvelden sin i restauranten. Både heile og halve middagar endar opp som søppel – mat som kunne ha vore servert til nokon som treng det. Mange studentar har heller ikkje råd til å ete på restaurant i tide og utide, noko som kan skape eit skilje mellom kven som kan og ikkje kan delta sosialt. For ikkje å nevne alt ekstraarbeidet som dei frivillige kokkane og skjenkarane hos oss har måtta ta på seg over natta, berre for å sjå innsatsen deira bokstaveleg talt kasta bort. Om situasjonen fortset slik, blir det vanskeleg å kunne gje dei elles motiverte frivillige ein grunn til å komme på jobb. For ikkje å nemne alle dei frivillige som huset vårt no manglar, som følge av nettopp kraftig skiftande smittevernreglar, uføreseielege dagar og unødvendig mykje press på dei som vart igjen.

Tidlegare i veka var eg ute på ein utestad og drakk ein pils eller to i lag med venar. Me valde å møtes på ein utestad – som heilt lovleg kan halde opent, då dei serverer deg tomatsuppe i eit lite beger med valfri drikke til. Skjerpar smittevernet seg på denne staden fordi dei no må servere deg mat? Nei, det gjer det nok ikkje. Bryt dei nokre reglar, gjer dei noko uansvarleg? Har dei nødvendigvis dårleg smittevern fordi dei er ein utestad og ikkje ein restaurant? Svaret her er òg nei. Om dei vel å stenge, tapar dei omsetnad, dei må permittere ansatte og svinne varer. Så det er ikkje rart at alternativet med suppe høres bra ut til samanlikning. Men det er ikkje mange som et det dei blir servert. Spiseplikta har oppfunne eit nytt matsvinnsproblem – det er ikkje bra.

Debattregler

  • Vil du få din mening på trykk i Studvest? Send innlegget ditt på e-post til ansvarligredaktor@studvest.no.
  • Typiske innlegg er rundt 500 ord.
  • Lengre innlegg kan vurderes i noen tilfeller. Vi tar oss retten til å forkorte og redigere innlegg.
  • Vi trykker ikke innlegg som har vært publisert i andre aviser, fremstår som reklame eller som er hatske og trakasserende.
  • Legg ved et portrettbilde av deg selv.
Powered by Labrador CMS