Nyhet

Pasientmangel hjå tannlegestudentane trass korte ventetider og lågare prisar

Eit uventa tannlegebesøk kan fort bli ein kraftig strek i regninga for studentar utan stappfulle bufferkontoar. Heldigvis har tannlegestudentane ei løysing som gagnar alle partar.

PASIENTMANGEL. Tannlegestudentane Nadja Maczko Christoffersen, Ingrid Jonsbu Berntsen og Martin Møinichen Alsos treng fleire pasientar å øve seg på før dei kan seie seg ferdig utdanna.
Publisert Sist oppdatert

– Eg hadde litt problem med nattesøvnen natta før eg skulle ha ein pasient for fyrste gong. No går det derimot heilt fint, seier Martin Møinichen Alsos (23).

Saman med medstudenatene Ingrid Jonsbu Berntsen (23) og Nadja Maczko Christoffersen (23) er han godt i gang med utdanninga på Institutt for klinisk odontologi ved Universitetet i Bergen (UiB).

ARBEIDAR. Odontologistudentane Nadja Maczko Christoffersen, Ingrid Jonsbu Berntsen og Martin Møinichen Alsos arbeidar gratis hjå klinikken.

Dei tre studentane jobbar no for tida nesten fulle arbeidsveker midt i utdanningsløpet på fem år. Dei får ikkje betalt, men er likevel nøgde med opplegget.

– Å ha så mykje pasientbehandling i utdanninga gjer jo at eg kjenner meg tryggare på å kome ut i arbeidsmarknaden, fortel Berntsen.

Mykje pasientbehandling

Til og med året du fyller 18 år er tannlege gratis, og fram til og med året du fyller 22 år vil staten betale delar av tannlegeregninga di.

Det kan difor ofte kome som eit stort sjokk den fyrste gongen du må betale for heile tannlegetimen rett ut av eiga lomme. Der har tannlegestudentane ei rimelegare løysing.

SPYTTSUG. Ingrid Jonsbu Berntsen demonstrer korleis ein går fram med behandling på ei dokke. Instruktørtannlege Hilde fylgjer med.

– Studentane må gjennom eit ferdigheitskurs med tekniske prøver før dei får byrje på pasientar. Dersom dei ikkje består kurset, må dei ta det på nytt og får ikkje ekte pasienter før det er fullført, seier tannlegeinstruktør Hilde Runningen.

I løpet av mastergraden i odontologi er det lagt opp til mykje pasientbehandling. Løpet til studentane startar med grunnleggjande teori, før dei fyrst gjev seg i kast med dokker.

Runningen legg til at tannlegestudentane er avhengige av å ha tilstrekkeleg med pasientar for at dei skal kunne bli gode tannlegar.

– Det er ikkje ei sjølvfylgje at me har så mykje pasientkontakt i løpet av utdanninga. Medisinstudentane har ikkje like mye pasienterfaring som oss når dei er ferdig, meiner Christoffersen.

Den største overgangen for tannlegestudentane var gapeevna til pasientane.

– Dokkene me nyttar har tøyelege kinn og gapar nokså høgt. Det var ganske overraskande då me fekk pasientar med små munnar eller med veldig lita gapeevne, fortel Berntsen.

Christoffersen legg til at det var skummelt å ha sin fyrste pasient, men at ein må hugse at ein lærer mest av å gjere.

Meiner behandlinga er trygg
LEIKESKUFFEN. Denne skuffen vekkjer nok mange gamle minne for pasientane.

Runningen fortel at det har vore vanskelegare å skaffe tilstrekkeleg med pasientar under pandemien. Det skjedde trass i at tannklinikken kan lokke med korte ventetider og lågare prisar enn i den private sektoren.

Behandlinga tek lenger tid ved studentklinikken enn hjå andre tannklinikkar, og dimed er det ofte samfunnsgrupper med god tid som kjem hyppigast innom.

Offshore-arbeidarar, studentar og pensjonistar er av dei vanlegaste gruppene, men også born kjem innom.

Studentane sjølv synest at det til tider nesten kan bli litt for mykje pasientar, men er klåre på at dette til slutt vil føre til ein stor tryggleik i yrket.

– Me tek ei tann av gangen, så pasientane må rekne med at behandlinga tek lenger tid her enn hjå vanlege klinikkar. Dette fører til at behandlinga blir gjort skikkeleg, og det er jo eigentleg ganske luksus for pasientane, hevdar studenten Alsos.

Ho tryggjar pasientane med at studentane må gjennom fleire sjekkpunkt i løpet av ei behandling.

– Skulle studenten bli usikker eller ha gjort ein liten feil, så vil me intruktørar ta over, seier Runningen.

Powered by Labrador CMS