Plasttretyranniet

APROPOS-KALENDER, LUKE 16: Når mamma vil kjøpe eit plasttre som er lågare enn meg, må eg sette ned juletrefoten.

TEKST AV: Synne Grimen Hammervoll, kulturjournalist i Studvest. FOTO: TORIL SUNDE APELTHUN
Publisert Sist oppdatert

Apropos

Joda, dei kan sjå fine ut. Dei kan til og med sjå relativt ekte ut. Det finst sikkert nokon superfancy nokon som til og med luktar som the real deal. Og så er det enkelt. «Ikkje så mykje styr», som mor mi seier.

Eg bryr meg ikkje. Eit juletre skal vere ekte. Det skal lukte edelgran i heile huset, ein skal måtte støvsuge golvet kvar dag i romjula. Når ein er ferdig med å setje opp og pynte treet skal ein måtte bruke halve håndsåpa på å få evja vekk frå hendene. Det er slik jula skal vere.

«Ikkje så mykje styr», seier mamma, som må henge åtte plastgreiner på åtte forskjellige nivå, før ho må bøyge og vri på greinene for at det skal sjå tett og fint ut. No skal det seiast til hennar forsvar at ho syns dette er veldig styr det òg, så ho vil ha eit endå enklare eit. Eit der greinene allereie heng fast, og alt ho må gjere er å skru saman eit par delar og pynte. Ho har sett på eit lite juletre på 150 centimeter, men då måtte eg setje ned foten. Om ikkje anna skal i det minste plasttreet greie å vere høgare enn meg. Det bør ho klare – eg er 152 centimeter dersom eg rundar opp litt.

I debatten «ekte vs. fake» dreg nokon fram dette med at det er vanskeleg å bli kvitt grantreet når trettande dag jul kjem. Men det er slett ikkje vanskeleg! Kjøp deg ei øks og få ut litt aggresjon over alle julegåvene du ikkje fekk og nyttårsforsetta du allereie har brutt, så kan du få litt ved som bonus. Eg skulle gjerne foreslått å brenne heile treet, men då eg spurte Google fekk eg beskjed om at det var brannfarleg. Det høyres ironisk ut, men er faktisk sant. Det har visst med barnålene å gjere. Du kan brenne alt utan barnåler, då. Så får du berre deale med resten på ein anna måte, for uansett kva nokon seier, er eit ekte juletre, vere det furu eller gran, det einaste rette juletreet. Og sjølv om det er enkelt å berre skulle pakke saman treet og stue det på loftet er det berre snakk om bittelitt tid ein gong i året. Det tykkjer eg alle kan få til, når gevinsten er så stor.

Heldigvis er pappa einig med meg, og vel konsekvent ekte juletre. Han har trass alt ei fortid som tømmarhoggar. Men det skal seiast at eg har mine ueinigheitar med han òg. Han tykkjer nemleg at furu er like fint som gran. Det dryssar ikkje like mykje, meiner han. Ikkje misforstå, eg tek furu over plasttre kvar dag i uka, men eg vil ha dette på det reine: Grantre er det rette valet, alltid, uansett. Det har tettare greiner, finare grønfarge og er vanlegvis høgare, noko som til saman gir eit perfekt resultat når det er ferdig pynta.

Mamma er nok ikkje til å overtale når det gjeld det falske juletreet. Det er komen for å bli i hennar hus, og så lenge treet fortsatt slår meg i høgde, får eg vel godta det. Eg let meg likevel ikkje rikke i mi vissheit om at det ekte treet er det beste, og får nøye meg med å få lukta av edelgran halvparten av jula.

Powered by Labrador CMS