Politiet vil at heile fadderveka skal vere alkoholfri

– Det er meldt frå om fleire ordensforstyrringar, som høgt støynivå og offentleg urinering, fortel politileiar Brynhild Lyssand Eide.

Publisert Sist oppdatert

Fadderveka er over for fleire av studentane i Bergen. For studentane har veka handla om å bli kjent med ein ny by, nye venner og mykje moro. Og festing og alkohol. For politiet har veka handla om å passe på at studentane oppfører seg.

– Samla sett har fadderveka gått veldig fint, seier fungerande leiar på kriminalitetsførebyggjande avsnitt, Brynhild Lyssand Eide.

Men ho legg ikkje skjul på at den også har ført med seg mykje støy.

– Det er meldt frå om fleire ordensforstyrringar, som høgt støynivå og offentleg urinering. Dette er ofte i samanheng med vorspiel og fest, der alkohol er i biletet, seier Eide.

Ho meiner at mindre fokus på alkohol, med fleire alkoholfrie arrangement, ville vore den beste løysinga for fadderveka. Helst ønsker ho at heile fadderveka skal bli alkoholfri.

– Å redusere det med alkohol vil me få igjen for, seier Eide.

Godt samarbeid har gitt resultat

Likevel melder ho at fadderveka alt i alt har gått fint føre seg, og at det ser ut til at fadrane har hatt kontroll.

– Me har teke imot positive tilbakemeldingar frå undervisarar som har vore vakter på dei ulike arrangementa, der dei har skryte av fadrane som har køyrt fadderbarn til legevakta, og vidare heim. Dei har vist at dei tek godt vare på dei nye studentane, fortel Eide.

Førstebetjent Dara Nazari fortel at han er nøgd med den positive utviklinga fadderveka har hatt dei siste åra. Han fortel at samarbeidet politiet har utvikla med fadderstyra på Universitetet i Bergen (UiB) og på Høgskulen på Vestlandet (HVL) har vist gode resultat.

Føremålet med samarbeidet er, ifølge Nazari, å endre kulturen under fadderveka, og at dei ønsker å knytte relasjonar mellom studentane og politiet.

– Fadderstyra har frå si side betra tilbodet på alkoholfrie arrangement, og gjennom samarbeidet vårt har me kunna knytte relasjonar til studentane gjennom foredrag på fadderkurs, samt gjennom fadderveka, legg Eide til.

Ingen netter på fyllearresten

Vidare fortel Eide at politiet ser at kulturen i fadderveka har betra seg gjennom åra, og at klager til politiet har komme under vanlege ordensforstyrringar.

– Me har ikkje registrert nokre politimeldingar om vald eller valdtekt frå deltakarar i fadderveka, noko som er ei betring frå tidlegare år, men slike forhold blir ikkje alltid meldt til politiet med det første, seier Eide.

Ho kan også fortelje at ingen fadrar eller fadderbarn har blitt sendt til fyllearresten.

Men… mykje offentleg drikking

Førstebetjent Nazari seier at samarbeidet mellom fadderstyra og politiet også skal førebyggja ukultur rundt alkohol. Han vektlegg særleg det å slå ned på offentleg drikking, for at nye studentar ikkje skal tenke at dette er normalt her i Bergen.

– Fleire studentar er redde for å bli edru på turen mellom vorspiel til utestaden, og tek dermed med seg opna ølboksar i handa på vegen dit. Dette er ifølge norsk lov ulovleg, og skapar eit utrygt bymiljø, seier Nazari.

Fadderkoordinator ved Universitetet i Bergen, Sara Ebling Nordbø, meiner dette er uheldig, men påpeikar at dette også skjer ein vanleg lørdagskveld i byen.

– Me får fortsetta det arbeidet me har haldt på med, og opplysa studentane om at dette er ikkje er greitt, seier Nordbø.

Gode tilbakemeldingar

Nordbø fortel at ho berre har teke imot gode tilbakemeldingar om årets fadderveke frå fadderstyra.

– Me har hatt eit godt samarbeid med politiet, mange gode fadrar, og fleire positive tilbakemeldingar frå fadderbarn, seier Nordbø.

– Har dykk motteke nokre klagar frå fadderbarn eller andre fadrar?

– Eg har ikkje motteke informasjon om nokre klagar. Tilbakemeldingane eg har teke imot frå fadrar, fadderbarn og fadderstyra er berre positive, fortel Nordbø.

Powered by Labrador CMS