Sju studentar koronasmitta på HVL

450 økonomistudentar har fått avlyst undervisninga.

ARKIVFOTO: Andrea Olsen
Publisert Sist oppdatert

Saka er oppdatert.

I dag kom meldinga om at sju studentar er koronasmitta på Høgskulen på Vestlandet (HVL). Det melder BT.

Dette skal vere både fadrar og fadderbarn på bachelorprogrammet økonomi og administrasjon. Leiar i fadderstyret ved HVL, Bjørn Olav Østeby, stadfestar overfor Studvest at dei har fått opplyst om at alle smittetilfella er frå same faddergruppe.

HAR KONTROLL. Fadderleiar ved HVL, Bjørn Olav Østeby, meiner at fadderstyret har kontroll over deltakarar på deira arrangement. FOTO: Vincent Sondre Førde

Faddergruppa skal ha vore på 15 stykk, og alle skal bli testa i dag. Instituttet har ikkje oversikt over alle arrangementa som studentane var på i fadderveka, opplyser Nina Michelsen, assisterande instituttleiar til BT.

Østeby seier til Studvest at fadderstyret har kontroll over kven som har vore på deira arrangement.

Fleire har symptom

Instituttleiar Tom Skauge seier til BA at studentane som er smitta opplevde symptom på covid-19.

Skauge opplys vidare om at fleire studentar har symptom.

– Fleire har symptomer, men er ikkje ferdig testa. Sidan det er ein uoversiktleg situasjon har me bestemt oss for å avlyse all undervisning for våre bachelorstudentar, seier han til BA.

– Eg er litt bekymra for om smitten har spreidd seg til fleire enn dei me har fått opplysningar om allereie, seier Østeby til Studvest.

HØGSKULEN. Dei sju studentane som har fått påviste smitte ved HVL, var alle i same faddergruppe. ARKIVFOTO: Silje Fridén

Han seier at dei først fekk melding frå ein fadder om at eit fadderbarn har fått påvist smitte. Deretter kom beskjeden om dei seks nye smittetilfella.

Studentleiar: – Prosessane er i gong

Leiar i Studenttinget ved HVL, Henrik Waage Tjore, seier at HVL er førebudd på ein situasjon kor studentar kan bli smitta.

– Har dykk oversikt over alle faddergruppa har vore i kontakt med?

– Det eg opplev er at det er eit godt samarbeid mellom smittevernkontoret, HVL og fadderstyret. Dei prosessane som skal vere i gong, er godt i gong.

Han seier at ein ikkje treng å vere i karantene dersom ein ikkje har symptom, og dersom ein har avlagd ein negativ prøve. Ifølgje Tjore har det vore forvirring rundt dette, men han understrekar at dei 450 bachelorstudentane på økonomi og administrasjon ikkje er automatisk i karantene. Det er undervisninga som er avlyst. 

– Du treng ikkje å vere i karantene med mindre du får beskjed om det, presiserer han. 

GODT I GONG. Studentleiar Henrik Waage Tjore håpa på ein smittefri studiestart, men seier at smittesporinga no er godt i gong. ARKIVFOTO: Andrea Olsen

– Er du bekymra?

– Sjølvsagt er det ikkje hyggjeleg å høyre at studentane er smitta. Me håpa på ein smittefri studiestart. Men HVL har planlagd for ein situasjon kor studentar kan bli smitta, og det som er viktig no er at me klarer å gi studentane god oppfølging.

Resten av fadderveka avlyst

Kommunen si strategiske krise- og beredskapsgruppe ber no om at alle planlagde arrangement i regi av HVL på Kronbar og Kvarteret vert avlyst. 

Det vil sei at fadderbarna mistar dei siste arrangementa som skulle vore no til helga. Bar-til-bar, togafest på Kvarteret og fest på Kronbar utgår.

Det stadfestar både Østeby i fadderstyret og Henrik Waage Tjore i Studenttinget ved HVL overfor Studvest.

AVLYSER FEST. Alle arrangement i regi av HVL på Kvarteret og Kronbar vert no avlyst. ARKIVFOTO: Toril Sunde Apelthun
Powered by Labrador CMS