Magasin

Skuffande Muntlig-burger

ANMELDELSE: Vi har alle kasta undrande blikk inn på restauranten ved sidan av SiB-kantina på Studentsenteret. Kva er det egentlig? Ein oase i Studentsenterets ørken? Ein klubb for snobbete professorar? Peder og Martins Gastronomiske Hjørne er på saken.

Publisert Sist oppdatert

Sjølv om gradestokken er farlig nær 20 grader, og sola skin på restaurantens uteservering, vel vi å setje oss inne i dei flotte lokala til SiB Muntlig. Stemninga er avslappa, og lokala er deilige og lyse. Uttrykket «inne, men ute» har sjeldan passa betre, då dei store vindauga og den romslege møbleringa skapar ei vidunderlig atmosfære. To djupe, blå stolar avspenner det som er av eksamensstress, og vi utforskar spisemoglegheitene.

Her åpenbarar det seg eit minus. Sjølv om krittet på meny-tavla kan freiste med fleire varierte, deilige rettar, får vi beskjed om at berre pizzaen og burgeren er tilgjengelig. Noko ufrivillig bestiller vi kvar vår burger, og etter studentrabatten er slått inn har vi skilt veg med 125 kroner kvar. Ikkje gale.

La det vere sagt: Der er mange gode burgerar i byen, så her konkurrerer SiB Muntlig i ein liga med høgt nivå. Eit lite kvarter går kjapt unna i flotte omgivelsar, før servitøren kjem med to store, lekre burgerar, og nokre få, men elegante poteter. Måltidet ligg til rette for å bli av den gode sorten.

Komponeringa av den første biten er alltid kritisk. Med kirurgisk presisjon stablar vi akkurat passelige mengder brød, kjøt og salat på gaffelen. Pusten trekkast djupt, og den hellige biten entrar ganen.

Vi ser kvarandre djupt inn i auga…

Panikken slår inn, og bit nummer to kjem radig, men håpet er ute. Den saftige, deilige ettersmaken vi desperat håper på, eksisterer ikkje. Den kjem aldri. Det er eit tomrom som så inderlig treng å bli fylt, men som blir ståande like tomt som amerikanske boligar etter at subprime-bobla sprakk.

Diverre er denne totale skuffelsen tilfellet for nærmast alle komponentane i retten. Kjøtet gir oss flashback til 2006, når ein sat hos bestemor og trykte i seg medisterkaker mot si vilje. Salaten er dynka i ein slags «Sjåk-veikro»-dressing, der vi fysisk kjenner kolesterolnivået stige bit for bit. Potetene er smakfulle, og baconet set litt smak, men å seie at dette på nokon måte veg opp for resten, er som å hevde Brann er betre enn Rosenborg, fordi Brann har Daniel Braathen.

Flotte atmosfære og solskin klarer ikkje kompensere for skuffelsen vi kjenner på den gastronomiske fronten. SiB Muntlig har med sine forutsetningar potensiale til å bli noko nydelig. Burgerens mangel på identitet, gjer at vi kjem til å halde oss til ein utepils i solskinet neste gong.

Karakter: 2/5

Powered by Labrador CMS