Kultur

Statsraad Lehmkuhl er tilbake i Bergen

Etter 20 månadar på reise er Statsraad Lehmkuhl tilbake i heimbyen Bergen. På Bryggen stod Tuva Tenvik Rahd for å ynskje den velkomen, saman med mange av dei ho hadde vore på skipet med.

GOD VELKOMST: Statsraad Lehmkuhl fikk både applaus og jubel. FOTO: Svanhild Bøe
Publisert Sist oppdatert

1. mai 2022 reiste 59 studentar frå Universitetet i Bergen (UIB) på reise med seglskipet Statsraad Lehmkuhl i fire månadar, gjennom semesteremnet Hav-klima-samfunn.

Laurdag var det endeleg tid for at studentane som deltok på emnet kunne ha ein reunion.

– Det var litt tårer, og det var kjekt å sjå at mannskapet på skipet kjente oss igjen, fortel student Tuva Tenvik Rahd. 

GOD GJENG: Tuva Tenvik Rahd fortel at dei vart ein samansveisa gjeng. FOTO: Svanhild Bøe

Tenvik Rahd studerar medier og kommunikasjon ved UiB, og var ei av studentane som fekk plass på programmet. Rahd fortel at ein vert svært nære på båten, og at ein vert ein kjempegjeng. 

– Det er ingen på skipet ein ikkje kunne henge med, verken då eller no, seier ho. 

Meistringskjensle

Tenvik Rahd er klar på kva det beste med turen har vore: nemleg menneska. 

– Det er jo eit heilt vilt eventyr me har vore med på, og dei vennskapa me får på turen er så fine. 

For Tenvik Rahd var det beste minnet då ho endeleg klarte å klatre opp til den nedste plattforma i masta på skipet. 

– Eg har kjempehøgdeskrekk og bruke veldig lang tid på å kome meg opp i masta. Den fyrste plattforma er omtrent 15 meter over havet, og eg brukte 3-4 forsøk på å kome meg opp, seier ho. 

Vidare fortel ho at medan dei andre allereie hadde kome seg til toppen av masta fleire gonger, var ho framleis på den fyrste plattforma.

– Eg grein som berre det fyrste gong eg kom meg opp på plattforma, seier Tenvik Rahd og ler. 

Ingen mobil gjorde godt for gruppekjensla

Fyrsteamanuensis i fiskeribiologi og ansvarleg for emnet, Katja Enberg, var med alle fire månadane med studentane.

Ho fortel at det er svært vanskeleg å velje berre eitt fint minne frå turen, men trekk fram at det var kjekt å sjå at elevane etterkvart brukte ord og uttrykk som dei hadde lært i undervisninga. 

Vidare fortel Enberg om eit ekstra morosamt minne ho har frå turen. Sidan studentane verken hadde internett eller mobil, så var det berre dei menneska på båten dei kunne snakke med fortel ho. 

– Derfor gjekk det mykje rykte rundt. Eg høyrde blant anna at eg ein dag skulle læra studentane å danse, og ein annan dag skulle eg synge i undervisning, sier Enberg og ler. 

VILLE GJORT DET IGJEN: Katja Enberg er glad for at ho fekk vere med, og ville gjerne vore med igjen. PRESSEFOTO: Universitetet i Bergen (UiB)

Ho kan også opplyse om at dei fleste studentane faktisk var fornøgde med at dei ikkje hadde tilgang til mobil under turen. Enberg meiner dette var bra for gruppekjensla, og at det gjorde at dei vart fort godt kjende med kvarandre. 

– Studentane kunne sitje i ro å tenkje, nesten kjede seg litt. Det hadde nok vore heilt annleis om ein kunne tekste med vener og kjæraste heime, meiner Enberg. 

Det seier Tenvik Rahd seg einig i. Ho fortel at det einaste dei brukte mobilen til var å ta bilete med. Det var også ein periode der dei brukte funksjonen AirDrop til å sende notat og bilete til kvarandre som om det var Snapchat. 

– Det var sjølvsagt uvant i starten, men det var svært frigjerande! seier Tenvik Rahd. 

Powered by Labrador CMS