Nyhet

Streiken rammar praksis for lektorstudentane

Fleire studentar får praksis utsatt på grunn av den omfattande lærarstreiken. Alexander er ein av dei.

KJIPT: Alexander Rabben Mohr (22) synst situasjonen er kjip. Likevel støttar han streiken. FOTO: Martin V. Anda
Publisert Sist oppdatert

Lektorstudent ved Universitetet i Bergen (UiB), Alexander Rabben Mohr, er ein av 82 studentar ved UiB som så langt fått praksisen utsatt uka grunna den pågåande lærarstreiken.

Med forbehald om at han ikkje kan uttale seg for alle, nøler ikkje Mohr med å gje stemningsrapport frå lesesalen til lektorstudentane.

– Dei aller fleste synst jo det er kjipt. Det er absolutt ikkje det ein har sett for seg, seier han.

Trappast opp

Studentar som skal i praksis får ein praksisrettleiar, som er ein lærar ved skulen der dei har praksis som dei følgjer i løpet av praksisperioden. No er mange av dei tatt ut i streik. Rettleiaren til Mohr er bland dei.

På måndag, same dag som fleire nye lærarar ble tatt ut i streik, skulle Mohr ha starta eit seks veker langt praksisopphald på ungdomstrinnet.

No er han ikkje sikker kva dei neste vekene kjem til å innehalde.

– Programmet mitt er jo i utgangspunktet lagt opp slik at det er pause i undervisninga i denne perioden.

STREIKEFAST: Han skulle tilbragt dei neste vekene på ein ungdomsskule. Enn så lenge blir han verande på HF-bygget. FOTO: Martin V. Anda

Ifølgje tal frå Bergen kommune er 648 lærarar i streik på barne- og ungdomstrinnet per no. Og nærmare 1100 er varsla frå måndag av. På vidaregåande trinn er det varsla at det vil vere 782 lærarar i streik frå måndag av, ifølgje Vestland fylkeskommune.

Ikkje åleine

UiB-studenten er ikkje den einaste som hadde praksis på planen denne hausten.

Høgskulen på Vestlandet (HVL) og NLA Høgskolen oppgjer at praksisperioden til lektor- og lærarstudentane deira kan bli påverka av streiken dersom den held fram eller trappar opp.

For UiB og HVL er det allereie studentar som ikkje får gjennomført praksisperioden til planlagt tid.

Seksjonsleiar ved Lektorsenteret på UiB, Ranveig Lote, opplysar at 663 UiB-studentar etter planene skal ha praksis i løpet av hausten.

Denne uka har 82 studentar fått utsatt praksis i lektorutdanningen ved UiB, og neste uke vil det vere mellom 125 og 130 som rammes med gjeldande streikeuttak.

Prodekan for utdanning ved HVL, Gunn Haraldseid, opplyser at seks studentar med studieretning kroppsøving ikkje fikk planlagt praksis denne veka.

Og 167 HVL-studentar i Bergen står i fare for å ikkje få sin planlagte praksis dei neste ukane. Det avhenger av korleis streiken utvikler seg.

«Når det gjeld eventuelle konsekvensar for vidare studieløp, jobbar HVL med å finne løysingar», står det i beskjed dei berørte studentane har fått.

Vil forskyve praksis

Lærarstreiken er den lengste nokonsinne, fastslår Bergens Tidende. Mohn seier situasjonen har ført til eit haustsemester prega av uvisse rundt praksisen.

– Dei (lærarorganisasjonane, journ.anm) har vore klare på at dette kunne bli ein lang streik, så dei siste par vekene har me jo vore spente på om det vart ein avklaring eller ikkje før praksisperioden.

Ranveig Lote ved UiB fortel at dei oppdaterer informasjon til studentane fortløpande, og kjem til å fortsette med det.

– Bergen er hardare ramma enn mange andre områder i landet, og konsekvensane for praksis er derfor meir merkbare her samanlikna med ein del andre stader.

Ho seier dei ikkje avlyser praksisen, men forsøker å forskyve den til streiken er over. Det er også snakk om å avklare eit alternativt opplegg.

KLEDELEG: Mohr er og sekretær i Fagutvalget for integrert lektor- og adjunktutdanning, som gensaren antyder. FOTO: Martin V. Anda

– Desse tinga jobbar me med å avklare no denne veka.

Bilete av realitetane i arbeidslivet

Leiar for Lektorstudentenes lokallag i Bergen, Andreas Halvorsrud, har også fått praksisopphaldet utsatt grunna streikande rettleiarar. Han er tydeleg på at Lektorstudentene støttar Norsk Lektorlag i streiken.

– Ei forskyving av praksisen kan komme til å gå utover eksamensperioden, men det viktigaste no er at dei får gjennomført praksisen, seier han.

At streiken går utover praksisen meiner han kan gje studentane eit bilete av realitetane i arbeidslivet.

– Eg vil ikkje kalle det formålstenleg, men dette med streik er ein del av det å vere lektor eller tilsett meir generelt. No får studentane sjå at ein ikkje skal ta til takke med alt.

Støttar streiken

Trass i konsekvensane streiken har fått for praksisen hans, støttar og student Mohr lærarstreiken.

– Ja, det er kjipt for oss, men dei kjempar jo for oss. For seg sjølv, men for oss.

Han legg entusiastisk ut om tidlegare lønnsoppgjer og arbeidskvardagen som lærar. Likevel er han klar på dette ikkje rokkar ved motivasjonen hans.

– Det har alltid vore lærar eg skulle bli.

Powered by Labrador CMS