Kultur

Studcast er tilbake med ein rykande fersk episode

Studcast er endeleg tilbake med ein rykande fersk episode.

UTE NO. Lytt til Studcast der du finn podkastar!
Publisert Sist oppdatert

Etter ein lengre pause er Studcast endeleg tilbake. Denne gangen med to heilt nye fjes, eller stemmer då.

Gode, gamle Øyvind har inntatt studio med nybegynnarane Magnus og Nikolai for å dykke djupt i dei små og store hendingane i Student-Bergen.

Du kan som alltid lytte til Studcast på iTunesSpotify eller ved å søkje opp «Studcast» i din podkast-app. Eventuelt kan du tune inn på kanalen til Studentradioen måndagar kl. 17.

I episoden denne veka tek mellom anna den nydanna trioen for seg kva me synast om snylting på kollektivtransport. Er det verdt å spare dei ekstra kronene? Studentar har no mindre å rutte med enn før. Bør ein ty til eit opprør?

I studio er Øyvind Myklatun, Magnus Laundal og Nikolai Hagevold Krohne. Produsent er Marius Hauan.

Ha ei fantastisk veke! Studcast er tilbake til same tid neste veke!

Studcast er ein samarbeidsproduksjon mellom Studvest og Studentradioen i Bergen.

Powered by Labrador CMS