Studentane føler dei ikkje blir høyrde

Studentar føler kritikken deira ikkje blir høyrd, viser ny undersøking.

STUDENTANES DOM. Studentar meiner tilsette i liten grad høyrer på dei når dei kjem med kritikk. ARKIVFOTO: BEATE FELDE.
Publisert Sist oppdatert

STUDIEBAROMETERET

  • Årleg undersøking om kvalitet i utdanninga.
  • Om lag 31.000 studentar har svart.
  • Spørsmåla handlar mellom anna om læringsmiljø, undervisning og organisering av utdanninga.

– Det er dumt at det er slik, og det er noko me må jobbe mot å forbetre, seier Henrik Tjore, som er leiar for Studentråd ved avdeling for lærarutdanning ved Høgskulen på Vestlandet (HVL).

Han viser til ferske tal frå Studiebarometeret som viser at moglegheita til å påverke undervisninga er noko av det norske studentar er minst nøgde med. Studiebarometeret, som blei lagt fram måndag, er ei årleg undersøking der studentar blir stilt ei rekkje spørsmål om utdanninga si.

Spørsmålet om kva grad studentar føler dei får vere med på å påverke undervisninga får ein score på 3,0 i snitt, på ein skala frå ein til fem, der ein er «ikkje tilfreds» og fem er «svært tilfreds». Grunnskulelærarutdanninga ved HVL hamnar lågare enn snittet, med ein score på 2,6.

– Tala burde vere høgare. Det er synd at studentar føler dei ikkje får vere med å påverke, seier Tjore.

– Ikkje dramatiske tal

Prorektor for utdanning ved HVL, Bjørg Kristin Selvik, meiner at tala for grunnskuleutdanninga ikkje er så dramatisk om ein samanliknar med gjennomsnittet for alle grunnskuleutdanningane.

– Men me kunne sjølvsagt hatt høgare tal og større tilfredshet på fleire ting.

Ho fortel at dei er glade for at studentar ønskjer medverking, og at høgskulen må forbetre seg. Ho trekk fram at gode strukturar for fagutval er viktig.

Føler dei ikkje blir høyrd

Studentane svarar òg i Studiebarometeret at dei i liten grad føler at dei tilsette ved skulane høyrer på studentane når dei kjem med kritikk og tilbakemeldingar.

Leiar av Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen (SP-UiB), Håkon Randgaard Mikalsen, meiner at institusjonane må bli flinkare til å involvere SP-UiB tidlegare.

IKKJE OVERRASKANDE. Studentar har ønska seg betre oppfølging og rettleiing lenge, seier Håkon Mikalsen (SP-UiB). FOTO: TORIL SUNDE APELTHUN

– Det er godt tilrettelagt for studentdemokratiet, men det er viktig at det blir brukt. Det er nokre saker der me føler me burde ha vore involvert tidlegare, seier han.

Mikalsen trekk fram at rettleiing er noko studentane ikkje er nøgde med, og at studentane etterlyser betre oppfølging.

– Tala er ikkje overraskande for oss. Studentar har ønska seg betre oppfølging og rettleiing lenge. Det har me kommunisert tydeleg, og det er ei av dei viktigaste sakene me jobbar med.

Etterlyser digitale verktøy

Det er ikkje berre moglegheitene til å påverke undervisninga og manglande oppfølging av kritikk studentane er misnøgde med. Blant spørsmåla som scorar lågast i undersøkinga er bruken av digitale verktøy i undervisninga. 43 prosent av studentane meiner at undervisarane brukar digitale verktøy i liten grad.

Mikalsen meiner at bruk av digitale verktøy gir mange moglegheiter.

– Det vil ikkje nødvendigvis vere betre undervisning med økt bruk av digitale verktøy, men ein må vere klar over moglegheitene det gir. Det er mange som kan nytte seg betre av det, seier han.

Powered by Labrador CMS