Studentane satsar på sosial gaming på heiltid

Gründerstudentane frå Høgskulen på Vestlandet vil fjerne stigmaet rundt gaming, og har no motteke 1 million kroner frå Forskingsrådet til å realisere prosjektet sitt.

PLAYWELL: Masterstudentane, Sjur Hovi (t.v.) og Constandino Leiva, er takksame for moglegheita dei har fått gjennom STUD-ENT-stipendet og hjelpa frå tilsette ved HVL. FOTO: ADRIAN GRINDBAKKEN
Publisert Sist oppdatert

Fakta: STUD-ENT

  • STUD-ENT er ei støtteordning av Noregs forskingsråd.
  • Masterstudentar og nyutdanna masterkandidatar kan saman med eit universitet eller ein høgskule søke om økonomisk støtte til å realisere sine forretningsprosjekt.
  • Den økonomiske støtta kan vere på inntil ein million kroner.
  • Pengane skal bli brukt til å realisera prosjektet etter ein har avlagt mastergrada, og kan til dømes gå til lønn, kommersialisering eller utviklingskostnader.

– Det er ein mangel på sosiale alternativ for dei som driv med spel på fritida. Dette forsterkar stigmaet rundt gaming, seier masterstudenten, Sjur Hovi.

Saman med medstudent Constandino Leiva, frå masterprogrammet Innovasjon og leiing ved HVL, skal dei arbeide for eit betre tilbod av sosiale speleaktivitetar gjennom gründerprosjektet sitt «PlayWell».

No har dei fått ein million kroner til å realisere prosjektet frå STUD-ENT-ordninga til Forskingsrådet.

Frå studentforeining til entrepeneurskap

Ideen til prosjektet «PlayWell» kjem frå Leiva, og initiativet han starta i Studentersamfunnet på HVL (BTS).

– Eg starte opp BTS eSports i 2014, der me arrangerte sosiale spillkvelder kvar onsdag, seier Leiva.

Vidare var han med på opprettinga av «Good Gaming Bergen», ein sosial arena for gaming, men no også eit tilbod for yngre ungdom. Dei blei sponsa av kommunen, og Leiva tenkte at det var ein idé han kunne spele vidare på. Slik blei prosjektet «PlayWell» til.

– Fleire mødrer har kome til meg, og fortalt at dette er eit tilbod sonen hennar kunne trengt.

Constandino Leiva, student.

Medstudent Sjur Hovi blei med på prosjektet sist sommar, og det var då sjølve planlegginga av ei eventuell bedrift starta.

– Me arrangerer speleaktivitetar, og tek med oss utstyr og spel tilpassa målgruppa kunden ønsker å nå. Slik kan fleire sitte å spele i lag, i staden for åleine, seier Leiva.

Handlar ikkje berre om pengar

I februar søkte Hovi og Leiva, saman med HVL og Mohnsenteret, om støtte til prosjektet gjennom STUD-ENT-ordninga til Noregs forskingsråd. Av dei 52 som søkte, var det 13 som fekk innvilga ei støtte på éin million kroner til kvar.

I akseptbrevet entreprenørstudentane tok imot stod det at prosjektet blei godkjent på grunn av eit stort potensial for å bli gjennomført, mykje grunna eit solid forarbeid. I tillegg fekk dei beskjed om at prosjektet var ei god løysing på eit aktuelt problem.

– PlayWell er eit sosialt entrepeneurskap. Det vil seie at me ikkje berre skal tene pengar, men også bidra med ei nytte til samfunnet, seier Hovi.

Arena for sosialisering

Prosjektet er framleis på utviklingsstadiet, men gründerane er positive.

– Me har ein avtale med Sund kommune, der me blant anna besøker Sund ungdomsskule kvar tysdag etter skulen, noko som viser seg å ha stor effekt på borna, seier Hovi.

TILPASSA: PlayWell arrangerer speleaktivitetar etter behovet til kunden, og Constandino Leiva (t.v.) og Sjur Hovi jobbar for å tilpasse tilbodet av spel og utstyr til dei ulike målgruppene. FOTO: ADRIAN GRINDBAKKEN.

Han fortel at særleg einsame elevar nyttar seg godt av tilbodet. Elevane kan sitte å spele i lag, i staden for åleine, som er eit opplegg fleire vaksne er positive til.

– Fleire mødrer har kome til meg, og fortalt at dette er eit tilbod sonen hennar kunne trengt, seier Leiva.

Likevel, sjølv om det er mange interesserte, er det få jenter som møter. Kanskje ein av tjue, meiner Leiva, men vil ikkje spekulera i kva årsakene bak det er.

– Me har likevel eit mål om å finne ut kva spel som også tiltrekk seg jenter, og kva som vil engasjere dei til å delta, skyt Hovi inn.

 Satsar for fullt

Hovi og Leiva fekk avsett tid av høgskulen til å utvikle prosjektet sitt førre semester, og er takknemlege for det. Masterstudentane fortel at dette semesteret har vore meir hektisk, då dei har kombinert verksemda med studiet.

Dei ein million kronene frå STUD-ENT gjer at Hovi og Leiva kan fokusere fullt og heilt på å realisere PlayWell etter mastergrada er avlagt. Hovi avlegg si mastergrada til sommaren, og Leiva vil bli ferdig i desember. Både Hovi og Leiva ser fram til å sette i gong for fullt.

– Dette er jobben vår no, seier Leiva.

SPELEGLEDE: Studentane Sjur Hovi (t.v.) og Constandino Leiva har snart avlagt mastergrada si ved HVL, og gler seg til å arbeide med PlayWell på heiltid. FOTO: ADRIAN GRINDBAKKEN.
Powered by Labrador CMS