Det opplyser driftssjef Kjartan Aarbø i BKK Varme til Studvest.
– Det har gått hol på røyret som fraktar varmt vatn til studentbustadane. Vi held no på med å grave fram røyret, seier Aarbø.
BKK fekk melding om lekkasjen rundt klokka 9 torsdag morgon, og ifølgje Aarbø håpar dei å få reparert røyret i løpet av natt til fredag. Han forklarar at vatnet i røyret held både høg temperatur og høgt trykk, og at det difor tar tid å få det tørt nok til å sveise holet.
Hyblar i det eine bygget på Grønneviksøren var også utan varme og varmtvatn for om lag ein månad sidan, då ein lekkasje oppstod i samband med omlegging av fjernvarmeleidninga. Aarbø seier at lekkasjen som har oppstått no ikkje er knytt til den førre.
– Det er reint tilfeldig at det har oppstått ein lekkasje ved Grønneviksøren igjen, men det er sjølvsagt veldig uheldig at det skjer med det same bygget to gongar.