Ting tar tid i sør-Frankrike

Langsam administrasjonsprosess, demonstrasjonar og stort sett hyggelige folk, samanfattar Ingeborg sin utvekslingsoppleving.

Publisert Sist oppdatert

KORRESEPONDENT

Studvest korrespondenter er på plass i ulike deler av verden for å gi deg et innblikk i studiehverdagen på utveksling. 

Mine to første timer på det berykta samfunnsvitskaplege fakultet, Institut d’Etudes Politiques (eller Science Po) i den sør-franske metropolen, Toulouse, var eit evigvarande registreringsprosjekt. Som fleire kanskje veit, har Frankrike eit rykte på seg for å vere administrasjonens heimland. Dette kan eg, med godkjenning frå fleire italienere, stadfesta som rein fakta. Dermed var det eigentleg ikkje overraskande at eg måtte bruke desse timane på å fylle ut eit skjema med kontaktinformasjon og utdanningshistorikk, som eg er ganske sikker på at eg allereie hadde gjeve frå meg då eg først søkte meg hit. 

Det eg ikkje var beredt på, som eg nok skulle ha vore, var at all informasjonen ikkje berre skulle bli gitt på engelsk (sidan det tross alt berre var ei gruppe med internasjonale studentar), men også på fransk. I staden for å dele oss i to grupper, tok dei kvar del først på fransk, deretter oversett ein engelsk professor alt til engelsk. Med over 30 varmegrader ute og ingen aircondition inne, var dette to frustrerande timar som eg stort sett brukte til å tenke på kor mykje fortare eg kunne gjort dette utan hjelp. Poenget er; ting tek tid – særleg i sør-Frankrike.  

I tillegg til ein langsam administrasjonsprosess, tek franskmenn seg også god tid til å demonstrere. I vertfall ei lita gruppe med namn «Mouvement des gilets jeunes», som har visse likskaper med bompenge-rørsla i Noreg. Du har kanskje høyrt om dei, men om du har klart å unngå det skal eg forklare veldig kort. Det er ei gruppe som er missnøgde med skattefordelinga og drivstoffavgifter, som først blei kjent for å demonstrerte på vegar iført gule vestar, og har bestemt seg for å gjere så mykje hekkan dei kan kome på for å demonstrere dette.

Politiet reagerer så klart med full utrykking; masker, skjold, skotsikre vestar, tåregass, og batongar. Ein rein plage for resten av befolkninga. Ifølge fransklæraren min har det også hatt økonomiske konsekvensar for fleire forretningar i byen, då demonstrasjonar kvar laurdag støytar vekk alle som ønsker å unngå alt oppstyret. 

Heldigvis er folk stort sett veldig hyggelige her nede. Det kan ha ein samanheng med den røyk-dufta ein ofte kjenner når ein går forbi ein kafé, bar, tilfeldig vindauge eller langs alle ungdommane som drikk vin og pils nede langs elva. Det kan også berre vere det varmare klimaet.

I motsetning til kva ein ofte høyrer om denne stae populasjonen, får ein som regel eit «avec plaisir» eller «pas des soucis» når ein seier takk til folk. Ein tek seg alltid tid til å helse på og seie ha ein fin dag til andre, også bussjåføren, naboar og butikkansette, og dei tek seg god tid med matlaginga. På den måten har ein utolmodig nordmann kanskje ein del å lære når det kjem til dette med tid og tempo. 

Powered by Labrador CMS